“Livsstil-nazien Paulus”

I dag er eg sjokka av Aftenbladet si filmmelding Fantastisk Penn mot Paulus. Ikkje fordi meldaren rosar filmen Milk (som eg ikkje har sett) og gir den terningkast fem. Heller ikkje fordi han tydelegvis mislikar apostelen Paulus, som har skrive store delar av NT. Men fordi han omtalar Paulus som “livsstil-nazi”. Dette er ei uttrykksform eg ikkje har nokon ting til overs for.

Slik avsluttar filmmeldinga:

Dessuten er det en veldig betimelig påminnelse at den tenkende delen av Vesten også har vært nødt til å slåss mot kristne fundamentalister. På slutten av 1970-tallet kjempet homofile aktivister mot Anita Bryants korstog for en lov som forbød homofile og de som forsvarte dem å ta jobb i skolen. Kanskje hersker den tidlige livsstil-nazien Paulus ennå. Vi får se.

Eg reknar meg ikkje som kristen fundamentalist, langt derifrå! Eg er rett og slett ein vanleg kristen i Den norske kyrkja. Eg har også eit sjølvbilete som gjer at eg pleier å plassera meg innanfor “den tenkende delen av Vesten”. Og nettopp derfor aksepterer eg på ingen måte at avisa mi, som eg les med stor glede kvar dag, omtalar Paulus på denne måten. Dette er uønska språkbruk, verken meir eller mindre!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: