Bibeldagen

Bibeldagen blir i dag (søndag 8. februar) markert i kyrkjer og ulike kristne forsamlingar over heile landet. Fokus i år er støtte til arbeidet med å spreia Bibelen i Russland.

I 2009 markeres 20-årsdagen for Berlin-murens fall. Det ble innledning på store endringer i Øst, som medførte sammenbrudd for både Sovjetunionen og de regjerende kommunistpartier. Samtidig fikk kirkene tilbake sin frihet og til dels sine eiendeler. Fra Bibelselskapets side startet en massiv bibelbro til øst, med produksjon og distribusjon av store antall bibler til mennesker som aldri tidligere hadde kunnet skaffe seg sin egen bibel.

I takknemlighet over et åpnere samfunn i øst og i en erkjennelse av at svært mye ennå er ugjort samler vi i år inn midler til bibelarbeidet i Russland. Følgende prosjekter er vårt hovedmål:

På Bibeldagen 2009 vil vi spesielt støtte:
• Bibelmateriell til skoler for å utruste lærerne til å undervise kristendom.
• Bibler til verdens ende, store deler av Russland er svært øde, vi distribuerer bibler til mennesker der de er.
• Oversettelse av bibelen til russiske minoritetsspråk.
• Kolahalvøya og bibelarbeidet der er et naturlig fokus for oss nordmenn.

(Les meir)

Bibeldagen blir markert på Såmannssøndagen. Dagen har fått namn etter likninga om såmannen, ei av Jesu likningar der han samanliknar Guds ord med såkornet:

«Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» ( Luk 8,5-8 )

Til vanleg tolka truleg ikkje Jesus likningane sine. Hans tolkingar er i alle høve normalt ikkje blitt med i NT, og det er nærliggjande å tenkja at han overlét den vidare tankeverksemda til tilhøyrarane. Men i dette tilfellet held han fram, på oppfordring frå disiplane:

Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger og rikdom og nytingar og ber ikkje fullmogen grøde. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde. (v 11-15)

Les også  Anders Aschim (bibelomsetjar, bloggar og Blix-spesialist) sin kommentar til teksten, der han knyter trådene mellom Blix sin fedrelandssalme, bibelomsetjingsarbeid og denne bibelteksten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: