Hebraiskkurs på Bryne

Tenner du på ideen om å læra moderne hebraisk? Bur du i nærleiken av Bryne? I så fall kan dette tilbodet vera av interesse for deg.

Journalist Asgeir Ueland, som har budd mange år i Jerusalem, skal ha eit begynnarkurs i moderne hebraisk her på Bryne våren 2009. Initiativet er tatt i samband med Bryne kyrkjelyd sin planlagte tur til Israel i oktober, men kurset er ope for alle.

Undervisninga følgjer eit opplegg frå universitetet i Jerusalem. Læraren har lova å ta undervisninga i gruppa sitt tempo. Han veit kva det vil seia å læra eit språk der me ikkje kjenner igjen eit einaste ord. Han oppfordrar dei som er interesserte, men som er redd det blir for vanskeleg, til å møta opp første kvelden for å høyra om opplegget.

Interesserte kan ta kontakt med meg (så snart som mogleg!) for å få meir info om pris og kursstad, så kan eg formidla kontakt med Frank, som er initiativtakar og koordinator.

Kontakt meg på mail: berge dot arne (at) gmail dot com

Oppdatering eit år etter (10.01.2010): Me hadde kurs over to semester (mars-juni og sept-des 2009 ) med ei gruppe på ca 10 deltakarar. Sjølv om hebraisk er eit vanskeleg språk, hadde me det veldig kjekt og interessant saman. Asgeir var ein flott lærar! Nå er me ei gruppe som vil halda fram med å treffast ein gong i blant, for å halda interessen for det hebraiske språket ved like.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: