Israelsmisjonen

dni-logoDette notatet er skrive i januar 2009.

Eg møter mange slags spørsmål frå folk som høyrer at eg er engasjert i Israelsmisjonen. Kva driv me eigentleg med? Kva haldningar står me for i konflikten mellom Israel og Palestina? Kva slags organisasjon er dette?

I helga var eg på Gran på Hadeland, på Rådsmøte i Israelsmisjonen. Nærare førti tillitsvalde og tilsette medarbeidarar var samla til ei helg med drøftingar omkring arbeidet i organisasjonen. Det blei ei flott og inspirerande helg!

Eg opplever at Israelsmisjonen er ein organisasjon med stor takhøgde for ulike synspunkt og meiningar. Ungdomane har sitt eige nettverk i return2sender og dei er med på å prega tenkninga i organisasjonen. Det gir håp for framtida! Hovudfokuset vårt er at det jødiske folket skal få møta evangeliet om Jesus og sjå at han er den Messias som GT handlar om. Derfor driv me med misjon, diakoni og freds- og forsoningsarbeid, i samarbeid med messianske jødar. Hovuddelen av dette arbeidet skjer i Israel, men me har faktisk engasjement i sju land!

Neste veke har Israelsmisjonen besøk av ein kristen palestinar som me samarbeider med, Salim Munayer. Han er leiar av Musalaha, ein organisasjon som arbeider for forsoning, først og fremst mellom messianske jødar og palestinske kristne. Eg har truffe han nokre gonger i Israel, men får dessverre ikkje høve til å delta på nokre av arrangementa denne gongen.

I forhold til landet Israel, er eg opptatt av at det jødiske folket skal ha ein trygg stad å bu i Midt-Austen. Eg ønskjer å vera ein venn av Israel. Men det betyr ikkje at eg er einig med den israelske politikken til ei kvar tid. Ekte venner må ha lov å vera ueinige! Israel er eit demokrati, ikkje eit teokrati. Gud styrer ikkje gjennom den israelske regjeringa på annan måte enn gjennom den norske regjeringa. Eg tenkjer at det er nødvendig at israelarane kjem fram til politiske løysningar som fører til ein fredeleg sameksistens med det palestinske folket, som også høyrer heime i dette området.

Når det gjeld den aktuelle konflikten i Gaza og dei store demonstrasjonane i Oslo, har generalsekretæren uttalt seg på vegne av organisasjonen, sjå Midtøstenkonflikt på norsk. På Rådsmøtet i helga blei det dessutan vedtatt ein resolusjon om støtte til norske jødar som opplever å bli møtt med fiendtlege haldningar i mange samanhengar i samfunnet vårt. Eg kjem tilbake til teksten på denne resolusjonen, når den blir tilgjengeleg på nettet.

Til slutt: Eg syns at eg har lært utruleg mykje interessant om den kristne trua sin jødiske røter gjennom Israelsmisjonen. Den som er opptatt av slike spørsmål, kan sfinna stoff på nettsida www.israelsmisjonen.no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: