Trettande dag

Det er den trettande dag (6. januar) i julehøgtida; dei heilage tre kongars dag eller epifania. I delar av den ortodokse kyrkja er det nå dei feirar jul, mens mange her heime alt har avslutta julefeiringa si. Heime hos meg pleier me ha julepynten framme ei veke til (altså omtrent til 20. dag i jula).

– Vi må helt tilbake til 1700-tallet for å finne Hellig tre kongers dag som helligdag i Norge. Den gangen var det i pietismens og opplysningstidens ånd en gjennomgang av antallet høytidsdager. Man mente at det var for mange festdager. Da forsvant blant annet alle 3. dagene, og Hellig tre kongersdagen, forteller førsteamanuensis Jan Schumacher ved Menighetsfakultetet. (les meir)

Oppdatering 7. januar: Eg nemnte i går at dei ortodokse feirar jul nå. Eg tenkte ikkje då på at dette også gjeld dei kristne i Egypt. Det blei eg minna på då eg kom på jobb i dag, og møtte min egyptiske kollega som ønskte meg God jul! Han fortel at det først og fremst er i dag, altså juledagen, dei feirar i heimlandet hans. Det som overraska meg med dette, er at det ikkje bare er dei koptiske kristne i Egypt som har julehøgtid nå, – han er nemleg protestantisk kristen.

Oppdatering 11. januar: I dag fekk eg spurt min egyptiske kollega om koss det kunne ha seg at han feira jul etter koptisk kalender. Det viser seg at alle protestantiske kristne i Egypt feirar jul 6.-7. januar. Dei protestantiske kyrkjene har røter tilbake til misjon på 1800-talet, og protestantane førte vidare julefeiringa frå den koptiske kyrkja som dei kom frå.

Èitt svar til Trettande dag

  1. […] Gledelig jul! der kommentarane slår fast at koptarane feirer jul i dag 7. januar, jfr notatet Trettande dag) Lik dette:LikVer den første til å like dette […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: