Menneskerettane

Det er 60 år sidan Verdenserklæringen om menneskerettighetene blei vedtatt i FN. Eg markerer dette med å peika på artikkelen som handlar om religionsfridomen:

Enhver har rett til tanke-, samvittighets- og religionsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å skifte religion eller tro, og frihet til enten alene eller sammen med andre, og offentlig eller privat, å gi uttrykk for sin religion eller tro gjennom undervisning, utøvelse, tilbedelse og ritualer. (Artikkel 18).

Eg vil gjerne retta fokus på denne erklæringa. For menneskerettane er slett ikkje gjeldande overalt. Tanke-, samvits- og religionsfridomen blir dagleg trakka på i mange delar av verda. Og mange av dei andre rettane som er nemnte i erklæringa, er slikt som menneske mange stadar bare kan drøyma om. Kampen for menneskerettane er ein viktig kamp for vår tid!

I engasjementet for menneskerettane er det naturleg å ha det globale perspektive tydeleg. Men også i vår eigen kultur, der me gjerne tenkjer at dette er sjølvsagt, er det viktig å slå fast at desse rettane er grunnleggjande. Derfor er det bra at menneskerettane nå har kome med i den nye formålsparagrafen for skulen, saman med grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon:

(…) Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som óg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane. (…)

For nokre dagar sidan fann eg fram erklæringa og las gjennom dei 30 artiklane for første gong på mange år. Nokre overraskingar fekk eg under lesinga. Innhaldet var meir omfattande enn eg var klar over. Eg kunne f eks ikkje huska at retten til å nyta kunst var nemnt. Heller ikkje at retten til kvile og fritid (“herunder rimelig begrensning av arbeidstiden og regelmessige ferier med lønn”) var med blant menneskerettane. Dette er vel ikkje av det mest sentrale innhaldet i erklæringa, men eg må jo innrømma at dette er rettar eg sjølv set stor pris på og som eg gjerne unnar alle andre menneske.

Erklæringa om menneskerettane blei i 1948 vedtatt av 48 land. Nå er det 162 land som har slutta seg til konvensjonen om sivile og politiske rettar, og erklæringa er visstnok omsett til ca 330 språk. I innleiinga står det at innhaldet er eit felles mål for alle folk og alle nasjonar. Eg syns det er ein god tanke!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: