Under al-Aqsa

img_3720Denne veka har det kome fram opplysningar som er svært interessante for historia til den viktige tempelplassen i Jerusalem.  Under ein universitets-konferanse kom det fram at det, for ca 70 år sidan, blei gjort funn frå kristen og frå jødisk tid under al-Aqsa-moskéen!  Det dreier seg om mosaikk frå bysantinsk tid og om eit jødisk rituelt bad (miqveh) frå “det andre tempelets tid”.

Det er The Jerusalem Post som skriv om dette under overskrifta Was the Aksa Mosque built over the remains of a Byzantine church?

Biletet viser det sørvestre hjørnet av tempelplassen. Moskéen ligg under den svarte kuppelen. Nå er det muslimane som rår oppe på denne plassen, men både jødane, dei kristne og muslimane har sterke tradisjonar knytt til staden og forholdet mellom dei tre religionane blir her sett på ei ekstra krevjande prøve. Derfor blir dessverre opplysningar om slike arkeologiske funn fort politiserte og kontroversielle.

Avisartikkelen fortel at funna blei gjort under utgravingar ved den britiske arkeologen R. W. Hamilton i tida etter at moskéen var blitt skadd i jordskjelv i 1927 og 1937.

Eg trur det er rett å seia at avisartikkelen kjem med ny og interessant informasjon, også for den som kjenner Jerusalems historie godt. Det er ikkje så overraskande at det er restar etter jødisk fromhetsliv nede i bakken på denne staden. Men det har hittil vore ukjent at det skulle ha stått nokon kyrkje, evt eit kloster eller ein annan offentleg bygning her i bysantinsk tid, det vil seia den 300 år lange perioden frå ca 325 då Jerusalem var ein kristen by. Det har vore vanleg å tru at tempelplassen låg tom og ubrukt i denne perioden. Skriftleg materiale frå denne tida, f eks skildringane frå tilreisande pilegrimar, fortel ikkje om nokon kyrkje her og Madaba-kartet indikerer heller ikkje noko slikt.

Her er eit utdrag frå artikkelen:

The photo archives of a British archeologist who carried out the only archeological excavation ever undertaken at the Temple Mount’s Aksa Mosque show a Byzantine mosaic floor underneath the mosque that was likely the remains of a church or a monastery, an Israeli archeologist said on Sunday. (les meir)

Artikkelen blir kommentert av Dr Leen Ritmeyer på bloggen hans:

This is an important discovery and will change our views on the history of the Temple Mount. The mosaic floor may or may not have belonged to a church. More information is necessary before deductions can be made about the nature of the building, but the mosaic pattern possibly indicates a public building. (les meir)

Oppdatering 29.11.2008: Dr Leen Ritmeyer har funne fram til meir stoff om funnet av det som kanskje er eit jødisk rituelt bad, sjå her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: