To dagar i Korint

Det begynner å bli ei stund sidan eg kom heim frå haustferien i Paulus’ fotspor i Hellas. Nå er det tid for å henta fram minne frå turen. I denne omgang vil eg skriva litt om dei to dagane eg var i Korint.

biskopar-i-korintDen første dagen var me på rundtur i Korintområdet med buss. Første stopp var Pauluskatedralen i den moderne byen. Denne kyrkja knyter fortid og nåtid saman ved at den peiker på den samanhengande rekkja av biskopar i Korint. Kyrkjelyden trekkjer linja tilbake til Paulus og kallar han i denne samanhengen for den første biskopen i byen! Biletet viser tavla utanfor hovuddøra med lista som begynner med Apostelen Paulus og sluttar med dagens Korint-biskop. Les meir.

Neste stopp var Gamle Korint. Den gamle byen blei totalt øydelagt i jordskjelv i 1858. I dag er Gamle Korint ein liten by med snautt 2000 innbyggjarar. Sjå webkamera frå Gamle Korint her.

img_6768Her i Gamle Korint ligg eit viktig arkeologisk utgravingsområde der sentrale delar av Korint i romersk tid er grave fram. Her er også eit lite museum som viser mange av skattane som er funne på staden. Guiden gav oss ei omvisning på området. Og eg samla gruppa i skuggen av nokre tre i utkanten av agora (det gamle bytorget frå romersk tid) og fortalde om Paulus si verksemd i byen med utgangspunkt i dei aktuelle bibeltekstane (Apg 18 og dei to Korintarbreva). Biletet viser den offentlege talarstolen (bema) på agora, truleg den staden der Paulus blei dratt fram for domstolen og anklaga for guvernøren:

Medan Gallio var guvernør i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen. «Denne mannen,» sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.» Paulus fekk ikkje opna munnen før Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller ein kjeltringstrek det gjaldt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar. Men er det strid om ord og namn og dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera dommar i slike saker.» Dermed jaga han dei bort frå domstolen. Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor dommarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det. (1. kor 18,12-17)

img_6631Så gjekk turen til Kenkreæ. Dette var ein av dei to hamnebyane i “Stor-Korint” i gamal tid. I dag er det ikkje mykje igjen av den historiske hamna. Me sette oss i strandkanten der nokre gamle steinmurar forsvinn ut i sjøen (biletet). Flyfoto viser at desse murane er restar etter ein av dei historiske moloane og at desse moloane faktisk ligg like under havflata i bukta utanfor.

Her var det Paulus gjekk ombord i båten som førte han bort frå Hellas etter nokre års verksemd her. Han reiste til Efesos og seinare vidare til Jerusalem før han endte opp i Antiokia. Men før han forlét Hellas fortel Lukas at han klipte håret her i Kenkreæ (Apg 18,18), “for han hadde bunde seg med ein lovnad”. Dette gjaldt truleg eit nasirearløfte (4. Mos 6,2-21) og teksten er eit interessant eksempel på at det for jøden Paulus var naturleg å følgja bod og reglar frå GT også etter at han blei ein Jesustruande jøde. Sidan blei det ein viktig diskusjon i den tidlege kristne kyrkja om koss ikkje-jødar som kom til tru på Jesus, skulle forhalda seg til desse boda.

Paulus kom tilbake til Korint ca år 56-57. Under dette opphaldet i byen skreiv han Romarbrevet, som ofte blir rekna som det teologiske hovudskriftet hans. Han hadde ikkje vore i Roma og ønskte nok å presentera seg for dei kristne der med tanke på eit seinare besøk. Han sendte brevet til Roma ved hjelp av Føbe, ei kvinne som hadde ei viktig teneste i den kristne forsamlinga i Kenkreæ (Rom 16,1-2). Denne teksten fortel altså at det på dette tidspunktet, ca 7 år etter at Paulus første gong presenterte den kristne trua i Korint, var ei eiga forsamling i hamnebyen Kenkreæ. Dette var nok det me i dag ville ha kalla ei huskyrkje. Kanskje den samla seg i heimen til Føbe?

img_6659Etter dette brukte me tid på å sjå nærare på Korintkanalen. Den imponerande kanalen knyter Korintbukta og Adriatarhavet saman med Egearhavet. Me sat først og åt på ein spisestad like ved det søraustre utløpet av kanalen. Under måltidet fekk me med oss båt-trafikken på nært hald. Det mest interessante var ei bru med bilveg over kanalen. Denne brua blei senka (!) når båtar skulle gjennom kanalen. I løpet av måltidet vårt kom brua opp av vatnet fleire gonger for å sleppa bilar over kanalen.

Deretter køyrde me opp til hovudbrua over kanalen. Her er kanalen eit imponerande syn. Den går nede i eit 70 meter djupt juv, er 6 km lang og 25 meter brei. Det må ha vore eit utruleg omfattande prosjekt å laga den. Opp gjennom historia er det mange herskarar som har ønskt seg ein kanal denne staden og som har gjort mislukka forsøk på å få det til. Keisar Nero sette f eks 6000 jødiske krigsfangar i arbeid med å grava i åra like etter at Paulus var i området. Arbeidet med den moderne kanalen blei starta i 1870-åra etter det vellukka Suezkanal-prosjektet og Korintkanalen blei opna i 1893.

Den andre dagen vår i Korintområdet var utan fastlagt program. Etter ei veke på reise gjennom store delar av fastlands-Hellas var det godt å ha ein ”fridag”. Mange valde å bruka den på stranda i Loutraki. Andre valde å gå på fjelltur. Eg var blant dei siste.

img_6722-akrokorintGruppa som ville til fjells tok taxi frå hotellet til Gamle Korint og gjekk opp på Akrokorint (byfjellet). Det er bilveg nesten til toppen, men me var ikkje interesserte i å bli køyrde opp. Me hadde lyst til å gå opp til fots, slik folket i Korint i gamal tid sjølvsagt gjorde. Turen opp tok ca 2 timar inklusiv pausar. Toppen er på 575 moh og herfrå er det ei fantastisk utsikt over heile Korintområdet.

Fjellet har i mange ulike situasjonar og tidsperiodar fungert som tilfluktsstad for innbyggjarane i Korint. På Paulus si tid var det også eit berømt Afroditetempel på toppen, visstnok med 1000 tempelprostituerte. Trafikken opp dit har nok utvilsomt vore noko av bakgrunnen for dei avsnitta i 1. kor 6-7 der Paulus skriv om utfordringar i den kristne forsamlinga i forhold til seksualliv og ekteskap.

img_6697Men først og fremst har Akrokorint alltid hatt ein viktig strategisk funksjon, ved at dei som hadde herredømet over borga på toppen, kunne kontrollera vegen inn mot Peloponnes-halvøya. Det er 2000 meter med gamle murar rundt toppen, bygd på ulike tider i historia. Fjellet hadde sist ei viktig strategisk tyding under den gresk fridomskrigen i 1821.

Då me kom ned igjen, hadde me framleis god tid til middag. Eg prioriterte då å ta ein ny tur inn på det arkeologiske utgravingsområdet, mens dei andre drog tilbake til hotellet.

img_6771På denne tida av dagen var det mest ikkje folk på området. Eg hadde god tid og kunne gå i mitt eige tempo og sjå på utgravingane, lesa på informasjonstavler og ta bilete. Eg fekk sett meir på nokre av dei viktigaste bygningsrestane og fekk også sett på stadar eg aldri har stoppa og fått guiding når eg har vore på organiserte omvisningar på området. For meg var dette ei herleg avslutning på dei to dagane i Korint!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: