Tilbake frå Hellas

I går kveld, eller rettare sagt i natt, kom eg heim frå haustferie. Det har vore ein innhaldsrik og herleg ferie saman med ei gruppe som reiste i Paulus’ fotspor i Hellas. Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå turen etter kvart. Men nå ventar først ein travel periode med heilt andre oppgåver, og eg reknar derfor ikkje med å skriva så mykje dei næraste dagane.

I kveld har eg sett gjennom nokre av dei 600 bileta Inger og eg tok i løpet av turen. Dette biletet får vera ein smakebit på det me har med heim av minne. Her ser me Lechaion-vegen, som var ei hovudgate i Korint i romersk tid. Vegen gjekk frå hamna Lechaion til det sentrale torget i den store byen, og me kan rekna med at Paulus ofte gjekk på desse steinane då han var i Korint.

I bakgrunnen ser me fjellet Akrokorint (575 moh). Mange i gruppa blei også med på ein fottur opp til toppen, der det er ein fantastisk utsikt over Korintområdet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: