Haustferie i Paulus’ fotspor

Haustferien 2008

Om få dagar reiser Inger og eg som reiseleiarar for ei gruppe som skal på haustferie i Paulus’ fotspor i Hellas. Det skal bli kjekt å koma tilbake til dette interessante landet!

Paulus besøkte Hellas fleire gonger i løpet av ein tiårs periode på 50-talet e.Kr. og store delar av NT er knytt til dette landet. Me skal i hovudsak følgja reiseruta hans slik den er skildra i Apg 16-18. I løpet av turen skal me setja kjente bibeltekstar frå Apg og breva inn i ein geografisk og historisk samanheng. Erfaringa mi er at dette er med og gjer bibelforteljingane levande på ein ny måte.

Turen vil også innehalda mykje meir enn det bibelske perspektivet. Me vil koma til viktige historiske stadar frå den klassiske greske og den hellenistiske kulturen og me vil få eit møte med den gresk-ortodokse kyrkja med kloster og ikonar. Me skal til Thessaloniki, Kavalla, Filippi, Vergina, Veria, Kalambaka, Meteora, Delfi, Loutraki, Korint og Athen. Eg ser fram til spennande dagar fylt med interessant kultur, historie og flott natur.

Her er eit utdrag frå eit tidlegare notat om Paulus si verksemd i Hellas:

Det var på den andre misjonsreisa Paulus reiste over frå Lilleasia til Makedonia, som nå er ein del av Hellas. Dermed var evangeliet for første gong brakt til Europa. Paulus blei kalla over til vår verdsdel gjennom eit syn, fortel Lukas i Apostelgjerningane. Etter dette var Paulus i Hellas i ca 3 år i tida omkring år 50. (les meir)

Denne hausten kjem det ei ny bok som handlar nettopp om å reisa i Paulus’ sine fotspor i Hellas. Dessverre blir den ikkje til sals i butikkane før me er heime igjen frå haustferien. Forfattarane Ernst Baasland, Bjørn Helge Sandvei og Karl Olav Sandnes skriv om akkurat dei stadane me skal på denne turen, så det hadde sjølvsagt vore kjekt å kunna den med seg. Det får bli til neste tur i same området!

Oppdatering: Etter turen prioriterte eg å skriva om opplevingar frå Korint:

Èitt svar til Haustferie i Paulus’ fotspor

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: