Det israelske og palestinske bibelselskapet

I desse dagar (september 2008) er det besøk her i Norge frå det israelske og det palestinske bibelskapet. Denne helga er utsendingane her i Stavanger-distriktet, neste veke reiser dei vidare til Bergen og til Oslo/Austlandsområdet. Tema for møta dei skal delta på dei næraste dagane er: I forsoningens tjeneste blant palestinere og israelere.

Eg har tidlegare truffe desse folka i Israel, og veit at dei har eit viktig budskap og mange interessante historier å fortelja. I morgon kveld vil eg på møtet i Stavanger for å lytta til dei.

Desse gjestene frå Midt-Austen arbeider med å spreia Bibelen blant kristne, jødar og muslimar i ein krevjande situasjon i Israel og dei palestinske områda. På mange måtar kan me seia at dei lever under “dobbelt eld” ved at dei står saman som kristne søsken, midt i striden mellom jødar og muslimar:

  • Victor Kalisher, messiansk jøde, har arbeidd i Bibelselskapet i eitt år nå etter at han kom frå databransjen. Han har vakse opp i Jerusalem som andre generasjons messiansk jøde.
  • Andy Ball, messiansk jøde, har bakgrunn som gullsmed, men har dei siste 20 åra drive bibelbutikk i Tel Aviv.
  • Labib Madanat, kristen palestinar, kjem frå Jerusalem. Han var tidlegare generalsekretær for det palestinske bibelselskapet og er nå utviklingsdirektør for begge desse bibelselskapa. Han stod svært nær Rami Ayyad som blei martyr på Gazastripen for snart eit år sidan. Labib kjem til Norge først om nokre dagar, så eg får ikkje møtt han i denne omgangen.
  • Nashat Fellemon, kristen palestinar frå Jerusalem, leier i dag det palestinske bibelselskapet.

Her finn du brosjyre for besøket deira i Norge.

Møta blir arrangert i eit samarbeid mellom Frikyrkja, Bibelselskapet og Israelsmisjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: