Henrik Wergeland 200 år

I går (17.06.2008) passerte jammen Henrik Wergeland sin 200-årsdag utan at eg fekk markert det skikkeleg. Beklager så mykje! Eg lagar ikkje nokon stor sak ut av dette jubileet her på bloggen, for bøkene hans er ikkje av det eg les mest. Men Wergeland har spela ei viktig rolle i norsk kulturhistorie, og han gjorde ein stor innsats for å få fjerna den setninga i grunnlova som stengte jødar ute frå kongeriket vårt. Så ein liten notis i samband med feiringa er heilt naturleg, også her på bloggen.

Som romantikar såg Wergeland det store i det små, og dermed kunne ein liten sommerfugl bera ein viktig bodskap om skaparen bak alt. Eg markerer jubileet med den kjente teksten Den prektig kledde sommerfugl frå 1840, i revidert språkform slik den er gjengitt i Norsk Salmebok (nr 285):

Den prektig kledde sommerfugl
er fløyet fra Guds hånd.
Han gav den gylne ringer
og røde purpurbånd.

Han lærte den å flyve høyt,
høyere enn jeg er.
Den har nok fuglens lyster,
men ei dens dun og fjær.

Og alle verdens mennesker
og alle kongebud
ei gjøre kan en sommerfugl.
Det kan alene Gud.

(via BlixBlog)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: