Lysta til alltid å eiga meir

Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.

Dette er eit sitat frå Jesus, henta frå denne søndagens preiketekst. Eg kjenner at dette er utfordrande, for det er lett å bli prega av denne lysta. Det er vel rett å seia at Jesus utfordrar heile vår vestlege kultur med dette enkle utsagnet. Les gjerne heile teksten i Luk 12,13-21.

Dette sitatet gir oss også eit godt eksempel på koss bibelspråket utviklar seg. Her har eg sitert frå den nyaste omsetjinga til Det Norske Bibelselskap, Bibel 2011. Her har me «mista» eit av dei litt spesielle orda som finst i eldre bibelutgåver: havesykje.

Den følgjande lista med ulike formuleringar viser koss Bibelselskapet har omsett uttrykket dei siste hundre åra.

  • 1930 (bm): Se til og ta eder i vare for all havesyke!
  • 1938 (nn): Sjå og tak dykk i vare for all havesykja!
  • 1959, ungdomsoversettelsen av NT (bm): Se til at dere passer dere for gjerrighet!
  • 1978/1985 (bm): Pass dere for pengebegjær!
  • 1978/1985 (nn): Ta dykk i vare for all havesykje!
  • 2003, NTR, prøveutgave av Lukas (bm): Ta dere i vare for all slags grådighet!
  • 2003, NTR, prøveutgåve av Lukas (nn): Ta dykk i vare for all eigesjuke!
  • 2011 (bm): Ta dere i vare for all slags grådighet!
  • 2011 (nn): Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir!

Det er det greske uttrykket ἀπὸ πάσης πλεονεξίας som blir omsett på alle desse måtane. Sjølv om dei nyaste utgåvene ikkje får fram at dette kan dreia seg om ein sjukdom, syns eg (som vanleg) at bibelomsetjarane har gjort ein god jobb i 2011-utgåva. Eg legg forresten merke til at det har skjedd ei endring i siste liten i nynorskutgåva, ved at teksten er endra frå prøveutgåva til den endelege utgåva.

Lista over ulike omsetjingar av uttrykket viser faktisk også den utviklinga eg sjølv har opplevd når det gjeld bibelspråket. Då eg var konfirmant i 1971 fekk eg Bibel med 1930-omsetjinga i gåve av fadrane mine. I dag nyttar eg Bibel 2011.

Alle omsetjingane, unntatt omsetjinga frå 1959, er henta frå bibelen.no. Den nynorske ungdomsomsetjinga frå 1961 har eg ikkje funne, verken på nettet eller i bokhylla mi.

Oppdatering: Dette var først skrive før Bibel 2011 var ferdig, men det fanst eit foreløpig NT frå 2005, som eg brukte i åra 2005-2011. Det var ingen endringar i dette bibelverset frå NT 2005 til Bibel 2011. Eg har nå oppdatert notatet slik at det omtalar nyaste utgåve som Bibel 2011.

Advertisements

One Response to Lysta til alltid å eiga meir

  1. anonym :-) seier:

    Ja, 2005, nn, er best. Grådighet er ikkje det same som å eiga meir, og at det blir som ei sykja, fortel noko anna/meir enn at ein er grådig. Eg kan jo ikkje vurdera grunnteksten, men bodskapen er i alle fall ikkje lik i desse omsetjingane.
    Eg var nett på nippet til å bestilla meg eit par sko på nettet – som eg ikkje treng. Me treng å støtta opp om fattige, kjøpa varer frå dei som har minst, slik at dei får arbeid – og greier å halda liv i seg og sine. Denne litle episoden var inngangen til teksten din og ein aldri så liten meditasjon over dette veldige temaet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: