Ein betre vår ein gong

Anders Aschim, som eg har mykje felles med (gamal speidar, prest og bloggar på BlixBlog), har nå fått ferdig Blixbiografien sin, Ein betre vår ein gong. Eg er litt seint ute med å gratulera, men gjer det likevel.

Gratulerer så mykje, Anders!

Det er flott at boka har fått strålande omtale, sjå f eks Bjørn Kvalsvik Nicolaysen si melding i Dag og Tid:

Meisterleg om salmemeisteren

God sakprosa, eller litteratur i det heile, får vi når den som skriv,
orkar å tenkje og skjønar at tenking er arbeid. Biografien om Elias
Blix (1836–1902) er resultatet av hardt arbeid, men framlagt på ein
leikande lett måte som gjer boka kjekk å lese, og svært opplysande,
både for næmingar og dei som kjenner perioden godt. Her er det ei mengd
nytt stoff, som vert sett inn i ei forklårande forteljing så det vert
greitt å forstå både kva inntrykk Blix tok av om­­veltingane i samtida,
og kva for påverknader han sjølv stod for. Det er meisterleg gjort,
ikkje mindre enn eit kunststykke, å få den store mengda av nye
opplysning­ar til å føye seg inn i eit stort heilskapsbilete, utan at
framstillinga løyser seg opp i fragment og digresjonar og utan at det
kjem trøyttande oppattakingar. (les meir)

Dagbladet har også melding av boka, sjå her.

2 tankar på “Ein betre vår ein gong”

  1. Mange takk, Arne. Eg kan røpe at eg har ei halv avtale med ein bokhandel nær deg mot slutten av august, eit føredrag om «Elias Blix og Arne Garborg», eksklusivt for Bryne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.