Asgeir Ueland om Midt-Austen

Oppdatering 2016: Asgeir har nå opna blogg: Asgeir Ueland. Verden sett fra Galilea.

Eg har vore i Time Folkeakademi og høyrt foredrag av journalist Asgeir Ueland i kveld (12.03.2008). Kvardagsliv i Jerusalem var tittelen hans, men eigentleg var foredraget meir ei vurdering av situasjonen i og rundt Israel i dag, med historiske tilbakeblikk tilbake til seksdagarskrigen i 1967. Uansett: det blei ein svært interessant kveld!

Frå forhandsomtalen av arrangementet i Jærbladet:

Det er alltid dei ekstreme bileta du får frå Israel, nyansane kjem sjeldan fram. Det er ting som krev lang fartstid for å forstå, seier Asgeir Ueland.

Han har tatt Israel på pulsen i 11 år, størsteparten av tida har Asgeir Ueland (34) budd i Jerusalem. Han lærte seg hebraisk av ein gammal mann på kibbutzen der han jobba dei første to åra. Seinare vart det studiar i historia, Midtausten og islam-kunnskap, arabisk og tyrkisk som bifag på universitetet i Jerusalem …

Asgeir Ueland kom til Israel for å bu nokre månadar i kibbutz og blei verande der i 11 år, m.a. som student på det hebraiske universitetet i Jerusalem. Mens han var der, begynte han å skriva for norske aviser (sjå for eksempel her og her). I dag er han journalist i Jærbladet her på Bryne.

Eg syns han var balansert i si framstilling. Dessverre var han meir pessimistisk enn eg likar, blant anna med tanke på den posisjonen som Hamas har fått i Gaza (og etter kvart på Vestbreidda) og med eit USA som først og fremst tenkjer på situasjonen sin i Irak. Det er bare USA som kan gjera noko med situasjonen i Israel og dei palestinske områda, meiner han. Og det har han nok rett i.

Israel er eit intenst land å bu i, ikkje minst er livet i Jerusalem intenst, fortalde han. For å seia det slik: det er få som snakkar om veret i Israel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: