Alt har si tid

Denne veka har eg begynt som avdelingsleiar på Stavanger bispedømekontor. Dermed er fjorten års presteteneste i Bryne kyrkjelyd slutt. Det er med blanda kjensler eg skriv dette. Trivselen har vore stor og eg har opplevd at eg var på rett stad. Eg har hatt gleda av å samarbeida med utruleg mange gode medarbeidarar. Eg har fått gå nokre skritt saman med mange flotte medmenneske i ulike situasjonar i livet, både i glede og sorg. Og eg har fått vera med i eit levande gudstenestefellesskap søndag etter søndag i kyrkja vår. Det har vore ”ei rik tid”, for å bruka eit litt gamaldags, men innhaldsrikt og fint kristeleg uttrykk!

Men alt har si tid, står det i Bibelen (Fork 3). Nå kjenner eg at det er tid for endring og for å gå over i ei ny teneste. Derfor har eg søkt, blitt tilsett og har tatt imot stillinga som avdelingsleiar for menighetsutvikling. Og eg har gjort det med glede, trass i dei vemodige kjenslene. Eg har nå i nokre veker vore i eit vikariat som rådgjevar i avdelinga, så eg har kunna lukta litt på kva det dreier seg om. Og eg trur eg kjem til å trivast godt, også i den nye samanhengen.

Eg har mykje å takka min himmelske Far for. Dessutan har eg mykje å takka Bryne kyrkjelyd for; fellesskap og forbøn, latter og tårer, vennskap og godt samarbeid.

4 tankar på “Alt har si tid”

  1. Gratulerar med ny jobb! Eg deler veldig vemodet rundt det at du skal slutta å vera presten vår. Det er fint å vera på rett plass, og det har du vore. 🙂

  2. grattulere med nye jobb!! det har vell vært i luften en stund…
    jeg synes egentlig det er dårlige nyheter jeg… det er kanskje litt egoistisk, men… jeg opplever deg som en utrolig god prest å ha dialog med og for vår del på saron har det vært fint å forholde seg til deg.
    vil selvsagt ønske deg lykke til og all Guds velsignelse fortsatt

  3. Høres spennende ut med ny jobb – ønsker deg Guds velsignelse over den! Ofte flere typer følelser ute og går når en har trivdes og likevel skal inn i noe nytt. Her i Tel Aviv snakker vi om dere, og det blir kjekt å treffes igjen selv om det er en stund til. Hilsen Odd Ivar og Kristin. Ps. Hils Inger!!

  4. Eg vil og gratulera deg med ny stilling! Du får ein viktig jobb både i forhold til kyrkjelydane, og til oss prestar, som vil møta deg i ein ny rolle. Du vil få bruka andre og kan henda nye sider av deg sjølv, og det kan bli spennande. Eg tenkjer at du er rette personen, med alt det gode du står for både både som menneske og fagperson. Ikkje vanskeleg å forstå det du skriv om å slutta på Bryne med blanda kjensler. Me legg att mykje av oss sjølv i denne tenesta, og du har fått vera med på mykje «gildt» på Bryne. Vil tru at det likevel er godt, når en først sluttar, å kunna gjera det med flagget til topps. Alt godt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.