Om englar og mikkelsmess

Mikkelsmess er alle englars dag i kyrkjeåret. Det har vore mykje snakk om engletru i år (2007), etter at prinsessa sin såkalla engleskule blei kjent. “Trur du på englar?” spurte VG lesarane i sommar, og så vidt eg huskar svara 40 % av “det norske folk” ja på dette. Men kva betyr det eigentleg å tru på englar?

Eg trur på englar. Eg trur at dei er himmelske vesen som kan bli synlege når Gud har noko viktig på gang. Og eg har mi personlege englehistorie som eg stort sett held for meg sjølv som ein verdifull skatt i mi eiga livs- og trushistorie.

Men viktigare enn dette er dei bibelske historiene om englane si oppgåve som bodberarar for Gud. Tenk f eks på englane sin plass i forteljingane om Jesu fødsel og om hans død og oppstode. Og tanken på at englane har med Guds omsorg å gjera, er heilt naturleg ut frå Bibelen sin tankegang.

Jesus sa: Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far. (Matt 18,10)

Den norske kyrkja har dei seinare åra tatt fram igjen markeringa av Mikkelsmess som alle englars dag. Den gamle festdagen blei ikkje avskaffa i reformasjonen, men faktisk under ein statleg reduksjon av kristne heilagdagar i 1770. Den eigentlege datoen for Mikkelsmess er 29. september, og dei kyrkjelydane som ønskjer å markera dagen, gjer dette på den søndagen som fell nærast, altså i dag.

“- Når kirken ønsker å fornye tradisjonene med Mikkelsmess, er det ut fra en tro på englene som Guds budbærere til oss mennesker, sier Åge Haavik, Kirkerådets rådgiver for liturgiske spørsmål. – Englene fortjener oppmerksomhet når Guds virkelighet skal utfoldes for menigheten gjennom kirkeåret. Mikael-skikkelsen har i den kristne tradisjon stått som frontfigur for kampen mot ondskapens krefter.”

(…)

“- I vår tid ser vi en sterk oppblomstring av interesse for engler både i litteratur og film, sier Åge Haavik. –
Men da har man ofte forlatt det bibelske materialet som utgangspunkt for tanker og forestillinger. Her er interessen for engler noe som fyller tomrommet etter et hundreårig rasjonalistisk kvelertak på den vesterlandske kultur. I og med bortfallet av Mikkelsmess kommer englenes rolle svært sjelden til uttrykk i forkynnelsen. Englenes verden hører åpenbart med til det bibelske verdensbildet, selv om dette
er en skjult del av virkeligheten. Likevel er dette en del av virkeligheten som kirken lenge har overlatt til andre å si noe om. Dermed ligger feltet åpent for alskens spekulativ overtro.” (Les meir)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: