Ei natt i Troas

Når eg les dagens bibelord, ser eg for meg eit varmt lokale med mykje folk, sterke kjensler og tett os frå mange oljelamper. Teksten gir eit uventa glimt inn i den første kristne misjonsverksemda. Me møter Paulus som forkynnar (med lange talar) og som omsorgsfull kristen leiar, på gjennomreise i Troas i dagens Tyrkia.

Teksten fortel om kor opptatt Paulus var av å forkynna Ordet og å samla sine medkristne rundt Bordet (nattverdsmåltidet). Eg trur både han og tilhøyrarane hans gløymde tid og stad den kvelden og natta. Og den unge Evtykos hadde nok funne den beste plasseringa av alle, der han sat i vindauget og trakk frisk luft. Bare så synd at han somna og fall ned tre etasjar …

Teksten fascinerer meg. Den seier meg noko om intensitet og fellesskap blant dei første kristne. Og midt i dette får me høyra om eit fantastisk Guds under, på gata i Troas.

Her er teksten:

Første
dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og
han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.
Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla. Ein
ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge,
fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han
var død då dei tok han opp.
Men Paulus gjekk ned, bøygde seg over han, slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.» Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad. Dei leidde guten heim i live, og det var til useieleg trøyst for dei.
(Apg 20,7-12)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.