Nytt liv i Nain

Notat til søndagens tekst: Luk 7,11-17

17. søndag etter pinse blir ofte kalla hausten sin påskedag. Temaet for dagen er oppstoda til nytt liv.

Preiketekstane for dagen er knytt til Jesu makt over døden, – i år (2010) er preiketeksten fortellinga om då Jesus vekte opp sonen til ei enkje i landsbyen Nain, ca 8 km søraust for Nasaret i Galilea.

NT fortel nokre få gonger at Jesus vekte døde tilbake til livet. Riktignok var det bare snakk om ei utsetjing. Dei som blei gjort levande, måtte sidan døy igjen. Men desse sterke hendingane viser fram mot Jesu eigen oppstode, og viser menneske (òg i dag) at Jesus har makt over døden. Samtidig viser desse bibeltekstane veldig sterkt kor stor omsorg Jesus hadde for enkeltmenneske som hadde det vondt. Han fekk “inderleg medkjensle” med kvinna som hadde mista sitt næraste og viktigaste familiemedlem.

Når eg denne veka har lese teksten, har eg elles lagt spesielt merke til to moment som har skapt undring og ettertanke.

  • Det første Jesus i følgje teksten sa til enkja, var orda “Gråt ikkje!” Eg trur me i vår tid ville sagt omtrent slik: “Det er heilt i orden at du gret!” Gråt var akseptert som eit naturleg uttrykk for sorg, også på Jesu tid. Joh 11,35-36 fortel at Jesus gret då vennen Lasarus var død. I forteljinga frå Nain ligg vekta ein annan stad. Ut frå samanhengen er Jesu ord ikkje uttrykk for manglande innleving i den vonde situasjonen, men uttrykk for at han i møte med enkja si sorg, skapar noko nytt og godt inn i denne situasjonen.
  • Det andre momentet er setninga om at alle blei fylte av ærefrykt etter underet. Ordet “ærefrykt” kjem frå tysk (ehrfurcht) og betyr djup respekt. Dette er vel ikkje eit mykje brukt ord i norsk språk, men Bibelselskapet brukar det altså i den nyaste omsetjinga, både på bokmål og nynorsk. Eg syns det er eit flott ord som eg elles helst knyter til uttrykket ærefrykt for livet.

Eg vil også peika på ein detalj som har med geografi å gjera. Det verkar kanskje forvirrande at forteljinga om underet i Nain i Galilea sluttar med at ryktet om det var skjedd, spreidde seg i heile Judea og landet omkring?

Namnet Judea blir i snever tyding brukt om området rundt Jerusalem. Men i NT finn me både denne snevre bruken og ei vidare bruk av namnet der det, som her i Lukas 7, blir nytta om eit større landområde (som også inkluderer Galilea). Dette har bakgrunn i den romerske provinsen Judea som i perioden 63-4 f.Kr omfatta området Idumea, Galilea, Perea og det eigentlege Judea (kjelde: Bibelselskapet si studieutgåve av NT, s 1360).

Her er bibelfortellinga:

Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain
11 Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Disiplane og mykje folk var med han. 12 Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!» 14 Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. 16 Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.» 17 Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring. (Lukas 7,11-17)

(Sist oppdatert 18.09.2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: