Hein

Nå i sommar har Hein Steinskog slutta som prest i Klepp prestegjeld her på Jæren. Han har vore residerande kapellan i Klepp sidan 1974 (!), og var nå den siste med denne gamle tittelen, i alle høve i vårt bispedøme. Eg blei kjent med han i 1975 då eg kom som eittåring til KFUK/KFUM-arbeidet på Klepp. Seinare kom eg tilbake til Klepp sokn for å arbeida som barne- og ungdomssekretær. Og dei siste fjorten åra har Hein og eg vore prestar i same prostiet. Så me har faktisk hatt ganske mange treffpunkt opp gjennom åra!

Hein kan utruleg mykje om GT. Eg kjenner ikkje nokon prest som på same måten som han, kan gå i djupna i GT-tekstane når det skal forkynnast over dei i kyrkja. Derfor har me i prestefellesskapet vårt ofte brukt hans kompetanse når me arbeidde med GT-tekstar. Dette kjem eg til å sakna nå når Hein har blitt pensjonist.

Nå har han, saman med kona, starta opp Bokstovå te Steinskog.

Menighetsbladet for Klepp (nr 4/2007) har eit godt avskjedsintervju med han. Eg saksar litt frå dette:

(…)

Fleire gonger har du i talane dine teke oppatt setninga: Gud er meir nådig enn menneske. Kan du seie litt om trua di og kva den betyr for deg i kvardagen?

– Mi tru er dei tre trusartiklane: Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande. Trua er ikkje noko eg kan gripe med handa. Eg er samd med Luther som seier at tvil og tru er tvillingar. Trua mi er der og har vore der, eg har ikkje noko historie som er knytt til ei spesiell hending eller tid i livet mitt. Trua får konsekvensar for livet eg lever. Jærbuen snakkar ikkje så høgt om trua si, dei held seg til dei tre trusartiklane. Me har mykje å læra av vår Herre og sonen hans om korleis behandle menneske. Som menneske vert me både skuffa og kan kjenna på vanskelege følelsar, som gjer at me ikkje alltid er så nådige mot kvarandre. Me må sjå på menneske som det dei er og ikkje slik vi ønsker dei skal vere. For Gud har me alle lik verdi. Gud er nådig og kan frelse alle!

(…)

– Får me sjå deg att eller korleis vert det med pensjonisten Steinskog?

– Som sagt vert eg dreng for kona. Det er ho som er ansvarleg for antikvariatet som me opnar i Kleppekrossen. Der kan eg studere Jærsk kyrkjehistorie og Det Gamle Testamentet. Eg skal sjå nærare på om israelittane sin lærdom frå tida i Babylon og Egypt har kome med inn i Det Gamle Testamentet. Dette gjer eg for å kose meg og av eiga interesse. Samtidig er eg klar for å slå av ein prat når nokon stikk innom. Kontakt med menneske er viktig for meg, det er så mange møtestadar som er på veg ut i vår tid.

(…)

– Er det noko du har lyst å seie til folket i Klepp prestegjeld?

– Ja! Takk for alt godt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: