Frå Saron til Tel Aviv

Sundag kveld blei det markert her på Bryne at Kristin og Odd Ivar Nese skal reisa til Israel for å arbeida som voluntørar for Israelsmisjonen (les meir).

Dei skal arbeida i Immanuelskyrkja og på den måten vera med i eit viktig og spennande misjonsarbeid i Tel Aviv. Eg syns det er flott at folk tar seg fri for å arbeida ei tid som frivillige medarbeidarar i misjonsarbeidet blant jødar i Israel. Det er ei stor oppgåve å bringa evangeliet tilbake til utgangspunktet, som return2sender seier det. Ikkje minst er unge israelarar ei viktig målgruppe som treng å møta både nestekjærleik og kristen forkynning.

For Israelsmisjonen er voluntørar som dette ein viktig ressurs:

"I vår formidling av evangeliet vil det aldri være tilstrekkelig å sende penger. Vi trenger mennesker som er villige til å gå som budbærere. Vi er glade for de mange trofaste medarbeidere vi har, ikke minst unge mennesker som investerer både av sin tid og sine penger for å vitne om Jesus. Vi vil også i fortsettelsen satse på en god kombinasjon av fast personell med langsiktig kontrakt, og unge og eldre lettbeinte voluntører med et frimodig og brennende engasjement." (Frå generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann sitt profilforedrag på landsmøtet i Oppdal i sommar).

Eg vil gjerne vera med blant dei som ønskjer lukke til og alt godt for tenesta, og eg kjem til å følgja med dei i året som kjem.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: