Bibelen på 100 minutter

Nå i pinsen har eg lese det litle heftet Bibelen på 100 minutter. Ja, det tok ikkje meir enn ca 100 minutt, så eg har sjølvsagt også lese andre ting i pinsen. Men det er ei anna historie. Eg er til vanleg skeptisk til forkorta og populariserte utgåver av bøker. Derfor vil eg gjerne seia … Hald fram med å lese «Bibelen på 100 minutter»

Nå i pinsen har eg lese det litle heftet Bibelen på 100 minutter. Ja, det tok ikkje meir enn ca 100 minutt, så eg har sjølvsagt også lese andre ting i pinsen. Men det er ei anna historie.

Eg er til vanleg skeptisk til forkorta og populariserte utgåver av bøker. Derfor vil eg gjerne seia at eg i dette tilfellet er imponert! Eg syns Bibelen på 100 minutter er eit vellukka prosjekt. Teksten er kraftig bearbeidd og forkorta. Likevel har den utruleg mykje med!

Den norske omsetjinga er ved Gerd og Eivind Skeie, og dei er viktige i denne samanhengen. Dei har gjort ein god jobb. Språket er lettlese og samtidig seriøst. Nokre gonger brukar dei tradisjonelle bibelske uttrykk og forklarer om nødvendig heilt kort. Andre gonger brukar dei nye ord og uttrykk. I nokre få tilfelle opplever eg dette siste litt unødvendig, for eksempel når fangevaktaren i Filippi (Apg 16) har blitt til fengselsdirektør (s 101).

Sidan det er pinse når eg skriv dette, tar eg med avsnittet som gjengir dei første fem kapitla i Apostelgjerningane:

I førti dager åpenbarte den oppstandne Jesus seg for vennene sine. På Oljeberget nær Jerusalem lovet han dem kraft ved Den Hellige Ånd og befalte dem å være hans vitner like til jordens ende. Så ble Jesus tatt opp til himmelen.

Kort etter, under den jødiske pinsefesten, falt Den hellige ånd over dem i kraftig vind og ild, og de begynte å tale i tunger. Mange jøder fra landene rundt Middelhavet var i Jerusalem under høytiden. De undret seg over disiplene. Peter forkynte at profeten Joel hadde forutsagt Den hellige ånds komme, og at Jesus, den korsfestede, var stått opp fra de døde som Herre og Messias.

Mange av dem som hørte Peter, ble med i den unge kristne kirken. Snart ble de flere tusen. De delte alt og dyrket Gud både i templet og hjemme. Ganske snart ble de lagt merke til, men de nektet å la være å forkynne om Jesus. Advarsler ble fulgt av trusler og pisking, men kirken fortsatte å vokse.

Bibelen på 100 minutter er ei norsk utgåve av ei engelsk bok. Det at den er gitt ut på Egmont Serieforlaget AS og har forord av Einar Gelius, gjorde meg i utgangspunktet ikkje mindre skeptisk. Men eg tok feil. Boka erstattar sjølvsagt ikkje den fullstendige Bibelen, men den kan sikkert vera ei god inspirasjonskjelde som gjer at nye menneske finn fram den gamle boka (helst i nyaste omsetjing!) frå bokhyller og nattbordskuffar. Bibelen på 100 minutter er på ein måte ein velskriven Barnebibel for ungdom og vaksne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.