Med og utan vokalar

G R FSCNRT V KSS SRLRR KN LS HBRSK TN VKLR. DTT HR G TNKT LTT P D SST VKN. G HR NMLG, FR FRST GNG P N MNNSLDR, BGNT RPTR LTT V HBRSK-KNNSKPN MN.

Forstår du ingenting? Eg begynner omigjen:

Eg er fascinert av koss israelarar kan lesa hebraisk utan vokalar. Dette har eg tenkt litt på dei siste vekene. Eg har nemleg, for første gang på ein mannsalder, begynt å repetera litt av hebraisk-kunnskapen min. Nå har eg lyst til å læra meg litt moderne hebraisk i tillegg til å repetera det grunnleggjande av bibel-hebraisken. Til hausten vil eg bestilla ein kopp kaffi på det lokale språket i Jerusalem!

Det at ein les frå høgre mot venstre er bare ein bagatell i forhold til det at dei les vanleg tekst tilsvarande det eg innleia denne artikkelen med. Og dei treng faktisk ikkje vokalane for å forstå meininga og uttalen!

Det er visst bare i barnebøker, lærebøker og i heilage tekstar dei tar med vokalane. Og sidan heilage tekstar (GT) var grunnen til at eg lærte meg noko hebraisk då eg var student, har eg altså vent meg til å ha vokalane der for å kunna uttala teksten.

Det hebraiske alfabetet er også ein ting for seg. Dei 22 konsonantane er heilt forskjellige frå våre latinske bokstavar. Og vokalane, viss ein altså tar seg bryderiet med å skriva dei, består av prikkar og strekar under og over konsonantane. Skriftbiletet (utan vokalar) ser slik ut:

פגישתה של ממלאת מקום ראש הממשלה ושרת החוץ ציפי לבני עם נשיא מצרים, חוסני מובארק, במצרים הסתיימה. בסיומה של הפגישה הודיע שר החוץ המצרי, אחמד אבו אלע’יט, כי בכוונת צוות ההכנה של הליגה הערבית, הכולל את שרי החוץ של מצרים וירדן, להגיע לביקור בישראל בשבועות הקרובים כנציגי הליגה הערבית. יהיה זה ביקור ראשון מסוגו של נציגות רשמית של הליגה הערבית בישראל.

3 svar til Med og utan vokalar

  1. Arne Dag Kvamsøe seier:

    Artig måte å synleggjera ein av spesialitetane med hebraisken på: konsonantspråket! Einig i at det er kjekt å kunne (ha kunna?) litt hebraisk, og at det er for galt å la det gå heilt i gløymeboka. Difor trigger det meg når du siterer nokre liner hebraisk til slutt i posten. For, kva i alle dagar er det du har funne? Det verkar litt kjent, til og med oppbyggeleg. Men eg er ikkje i stand til å finne desse linene i Biblia Hebraica. Gjev du eit lite spor? Arne Dag.

  2. Arne seier:

    Kanskje me skulle sjå litt på hebraisken saman, Arne Dag?
    Eg greier dessverre ikkje å høgrestille teksten her i bloggen (kan nok for lite html), så tekstbiletet i ein hebraisk tekst blir ikkje heilt rett.

    Å identifisera avsnittet eg siterte, reknar eg med er for krevjande. Det er henta frå ein tilfeldig nettside med informasjon om Herodion, så vidt eg husker.
    Men kanskje du (og evt andre) heller skulle prøva deg på dette avsnittet, som er ein kjent tekst frå GT?

    א מִזְמוֹר לְדָוִד: יְהוָה רֹעִי, לֹא אֶחְסָר.
    ב בִּנְאוֹת דֶּשֶׁא, יַרְבִּיצֵנִי; עַל-מֵי מְנֻחוֹת יְנַהֲלֵנִי.
    ג נַפְשִׁי יְשׁוֹבֵב; יַנְחֵנִי בְמַעְגְּלֵי-צֶדֶק, לְמַעַן שְׁמוֹ.

  3. Arne Dag Kvamsøe seier:

    “Herren er gjetaren min, eg har alt det eg treng!”

    – Ein flott tekst.

    Ja, kan henda skulle me ta litt tid til å friska oppatt hebraisken!

    Elles: Takk for gode og interessante ting på bloggen. Er innom mest dagleg på den faste “runden”.

    Men kor er dei “evt andre” som og vart utfordra til å prøva seg på Salme 23?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: