Herodion הרודיון

Herodion er eit av dei største byggverka som er kjent frå antikken. Det har vore i fokus i mange medier denne veka (mai 2007) på grunn av Herodes den store si grav som nå er funnen på staden.

Herodion er ei borg og eit slott som ligg ute i ørkenen 12 km sør for Jerusalem, nær Betlehem. Kong Herodes den store bygde anlegget ca 20 f Kr, til minne om ein militær seier han tidlegare hadde vunne her. På avstand ser det ut som ein vulkan, men det er faktisk eit kunstig fjell. På toppen finn me restane etter sjølve slottet, som var på sju etasjar. Dei to nederste etasjane var under jorda, inne i den kunstige fjellet. Her oppe er det ein fantastisk utsikt. På sletta nedanfor finn me restane etter det nedre Herodion. Her var det store bygningar, basseng, hage og ulike anlegg som egna seg for konkurranse og idrett.

Herodes den store er kjent frå NT, først og fremst for forteljinga om barnemordet i Betlehem (Matt 2,16). Han bygde mange store og imponerande bygg, f eks borga Masada ved Dødehavet og tempelet i Jerusalem. Herodes begynte som ein klok og framgangsrik leiar som gjekk i allianse med romarane og dermed kunne bli konge. Han enda opp som ein gal despot som til og med drepte fleire i sin næraste familie. Då han forstod at han kom til å døy, befalte han at fleire hundre menneske skulle drepast i dødsaugeblikket hans. Slik kunne han vera trygg på at det blei sorg i landet!

Herodes døydde i Jeriko, men blei etter eigen vilje ført til Herodion for å bli gravlagt der. Historikaren Josefus, som skreiv mykje om Herodes, fortel om koss sonen Arkelaus gjennomførte dette:

Han sparte ingenting når det gjaldt farens begravelse. Katafalken var av gull med innlagte edelsteiner, og legemet var kledt i fiolett. En gullkrone stod på hans hode, og han hadde et septer i sin høyre hånd. Omkring katafalken marsjerte Herodes´sønner og hans tallrike slektninger. De ble fulgt av vaktene, fremmede tropper og hæren. Foran dem gikk hærførerne og offiserene. Fem hundre tjenere som bar velluktende urter, fulgte etter i toget mot Herodion der begravelsen fant sted. (Sitert frå Paul L Maier: Josefus hovedverk s 256).

Arkeologar har i årevis arbeidd på Herodion og det er etterkvart blitt ein spennande stad å besøkja. Det går an å gå gjennom mange og lange ganger inne i fjellet, og det er gravd fram mykje som fortel om Herodes sitt byggverk. Men sjølve gravstaden har ein ikkje funne, ikkje før nå i april i år. Eg anbefaler denne biletserien om Herodion og funnet av Herodes si grav.

Arkeologen Ehud Netzer, som i ein årrekke har leia arbeidet på staden, ville eigentleg ha arbeidd ein stund til med gravstaden, før han offentleggjorde funnet. Men så blei det klart at journalistar hadde fått tak i nyheten og ville skriva om saka, og då tok Netzer styringa på informasjonen ved å innkalla til pressekonferanse.  Her kan du lesa den offisielle meldinga.

Dersom du vil vita meir om staden, anbefalar eg denne offisielle israelske nettsida med god og sakleg  informasjon. Du kan også lesa på Wikipedia.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: