Eit levande håp

Det er tredje søndag etter påske i dag. Kyrkja har fokus på den oppståtte Jesus, han som er Herre over døden. Preiketeksten denne søndagen i Den norske kyrkja er henta frå 1. Peters brev:

3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! 4 Han har født oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
   
6 Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. 7 Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord, 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar. (1. Pet 1,3-9)

Eg har frihelg  og skal altså ikkje preika over denne teksten i dag. Men eg kan jo dela nokre få tankar om teksten likevel.

Teksten begynner med ei lovprising til Gud. Han får ære fordi han har født oss på nytt, eit uttrykk som seier noko om den største endring som kan tenkjast i eit menneskeliv. Det er naturleg å tolka Peter slik at han siktar til dåpen når han skriv dette. I Joh 3,5 står det om å bli født "av vatn og Ande". I Titus» brev les me "Han frelste oss ved det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande" (Tit 3,5). "Dåpen er kristenlivets fødselsøyeblikk" skriv Halvor Nordhaug i ein kommentar til teksten.

Den som er døypt og som lever i trua han/ho er døypt til, har eit levande håp i livet sitt. Håpet er levande fordi Jesus er levande. Håpet er knytt til ein arv som aldri forgår. Trua på dette er ikkje knytt til eigne krefter eller prestasjonar, det dreier seg om å bli halden oppe i Guds kraft, ved tru.

Dette minner om noko Paulus skriv:

For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei. (Ef 2,8-10)

Den kristne trua frigjer menneske til eit liv i håp og kjærleik, her og nå. Men Peter minner oss i dag om at målet for trua er den endelege frelse (vers 9). Me kan også leggja merke til at lovprisinga frå 1. Peters brev blir lesen både ved dåp og ved gravferd i kyrkja vår:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.