Interessante spørsmål

Det er flott å vera prest i konfirmantarbeidet. I kveld hadde eg siste vanlege samling med konfirmantane som har konfirmasjon i mai. Ein herleg gjeng med ungdomar!

Ein del av kvelden var sett av til at dei sat i smågrupper og laga spørsmål som eg så skulle svara på. Etter at me for eit par veker sidan hadde vår versjon av det som før blei kalla samtalegudsteneste eller overhøyring, var det vel på sin plass at eg som konfirmantprest også fekk svara for meg?

Det blei mange interessante spørsmål. Her er eit utval:

  • Koss kan det bli lettare å be?
  • Kva syns du er det viktigaste med kristendomen?
  • Har du nokon gong angra på at du blei prest?
  • Finst det spesielle reglar for prestar?
  • Det finst mange spekulasjonar om Maria Magdalena. Kven var ho eigentleg?
  • Kva er meininga med livet?
  • Korfor var det akkurat eit kors Jesus blei hengt på?
  • Korfor rømte ikkje Jesus frå korset?
  • Kven var Pontius Pilatus?
  • Koss blei Gud skapt?
  • Koss kan eg vita at det bare er kristendomen som er ein sann religion?
  • Kor mykje tener Gud i året?
  • Kven var dei første kristne og kva trudde dei på?
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: