Evangelisten Markus

25. april er i følgje gamal kristen tradisjon evangelisten Markus sin minnedag. Då eg ikkje er så veldig stø på helgendagar, oppdaga eg dette først nå i kveld (via En katolsk weblog).

Sjølv om eg ikkje var klar over at det var dagen hans idag, vil eg seia at eg har eit spesielt forhold til Evangeliet etter Markus. Det var Svein Tindberg, med si framføring av evangeliet, som sette meg på sporet av forteljaren Markus. Nå er det ofte slik at eg, når eg les ein tekst i Matteus- eller Lukas-evangeliet, også slår opp parallellen hos Markus for å sjå koss han har ordlagt seg.

Bibelforskar og biskop Ernst Baasland har skrive artikkelen Markus som folkelig forteller. Han legg vekt på at evangeliet først og fremst er tenkt som muntleg forteljing og brukar teksten 4,37f som eksempel på dette:

Mark 4,37f: Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full. Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?»

Parallelltekstane i dei synoptiske evangelia ser slik ut:

Matt 8,24f: Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov. Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!»

Luk 8,23f: Då kom det ein kvervelstorm kastande over sjøen, båten heldt på å gå full av vatn, og dei var i stor fare. Dei gjekk bort til han og vekte han og sa: «Meister, meister, vi går under!»

Baasland kommenterer: “På norsk og enda mer på gresk er Markusteksten lenger, og med et litt trenet øye forstår en hvorfor: Markus lar på en bedre måte leseren / tilhøreren være med på begivenhetene: Vi får se begivenhetene, slik de ble sett av dem som var med. Fortellingsprogresjonen er bedre enn hos Matteus og Lukas. En del tilleggsopplysninger og detaljer (f.eks. sov på en pute bak i båten) er ikke bare godt fortellingskrydder. De gir ro og rytme i fortellingen. Rytmen er selvsagt særlig godt hørbar når en leser/hører den greske tekst.” Etter dette legg Baasland ut om dei viktigaste indisiane på korfor han meiner me kan seia at Markusevangeliet først og fremst er ei muntleg forteljing.

Til slutt tar eg med eit par reiseminne knytt til evangelisten:

  • Den eine gongen eg har vore i Venezia, presterte eg å bomma på opningstidene i Basilica di San Marco, og fekk dermed ikkje sett den inni. Det var spesielt bittert fordi eg hadde vore på Piazza San Marco, plassen framfor Markuskyrkja, tidlegare på dagen. Då kunne eg gått inn.
  • I samband med eit besøk på Meteora besøkte eg ikon-verkstaden til Fader Pefkis i Kalambaka. Blant hundrevis av ikonmotiv valde eg meg ein ikon av Markus og fekk ikonmalaren si helsing på baksida. Sjølv om det ikkje var den mest imponerande ikonen ut frå kunstnariske krav, ville eg svært gjerne ha med meg ein Markus-ikon heim.

(En katolsk weblog har i dag to artiklar knytt til denne minnedagen: Festen for den hellige Markus og Marsipan – hva har det med Venezia å gjøre? Begge artiklane byggjer for ein stor del på biografien om Markuskatolsk.no.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: