Den gode gjetaren

Det er søndag morgon. I dag skal eg forkynna på to heilt ulike gudstenester om at Jesus er den gode gjetaren. Eller “den gode hyrde / den gode hyrdingen” som det heitte i tidlegare bibelomsetjingar. Eg har grubla mykje over dette den siste veka. Sist søndag skjedde det ei brutal valdtekt her i lokalsamfunnet, midt i vårt mest populære turområde. Folk er oppskaka over det som har hendt. Koss skal eg forkynna om den gode gjetaren inn i denne situasjonen?

Her er dagens preiketekst frå Johannesevaneliet (kap 10, vers 11-16):

11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. 14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg, og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.

Nå i føremiddag skal eg delta på familiegudsteneste i gymsalen på Rosseland skule. Dei barna som er fire år, skal få Barnebibelen i gåve. Eit barnekor skal synga. Her kjem eg til å leggja vekt på den trygge omsorga som gjetarbiletet formidlar. Barna skal, i denne samanhengen, få sleppa å høyra om valdtektsforbrytarar og andre ulvar. Eg vil heller, slik eg ofte gjer på familiegudstenester, leika litt med teksten saman med barna. Barna skal få vera sauer og lam, og eit barn skal få vera gjetar. Deretter får me besøk av ein venn som har sauer og som har med seg eit lite lam. Barna skal få klappa lammet, og eg pratar litt med eigaren om lammet og om mora, om at han ser forskjell på sauene sine og om kva som kan vera farleg for eit lite lam i vårt samfunn. Til slutt fortel eg litt om dette at Jesus er den gode gjetaren og at me er sauene og lamma hans. Han kjenner oss (ved namn!) og me får kjenna han. Han er så glad i oss at han vil gje livet sitt for oss. Han vil at me skal tilhøyra han og stola på han.

I kveld skal eg ha kveldsgudsteneste i kyrkja. Her er det naturleg å gå djupare inn i kva det betyr at Jesus er den gode gjetaren. Då Jesus brukte dette biletet, kjente tilhøyrarane godt til bruken av biletet i GT og dei var vant med å ha gjetarar og saueflokkar i nærmiljøet sitt. I vår tid er nok dette meir ukjent. Og når eg forkynner om dette i denne samanhengen, må det sjølvsagt få koma fram at gjetarbiletet ikkje handlar om idyll, men om å leva i tru på Gud i ei verd der det finst mange formar for vondskap og ulukker.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: