Palmesøndag

Img_0003_2 Nå er det snart påske igjen. På søndag er det palmesøndag. Teikninga er teikna av ein 10-åring her på Bryne i samband med ei skulegudsteneste denne veka. Motivet er dei to disiplane som har fått beskjed av Jesus om å gå inn i landsbyen Betfage ved Oljeberget for å finna eit esel til han. Dette kan du lesa om i Matt 21,1-11.

Palmesøndag er dagen då Jesus rir inn i Jerusalem og lar seg hylla som frelsarkongen:

Hosianna, Davids son!
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste! (Matt 21,9)

På søndag skal eg vera prest på ei familiegudsteneste der 65 seksåringar skal ha eit påskeprogram. Dei har gått på kyrkjelyden sin dåpsskule nå i vinter og avsluttar dåpsskulen med å delta på denne gudstenesta. Eg gleder meg!

Elles viser eg til ein artikkel eg skreiv her på bloggen i fjor med ein heil del bakgrunnsstoff om palmesøndag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: