Vigslingsgudsteneste

I dag (18.02.2007) har me hatt vigslingsgudsteneste i Bryne kyrkje. Marit Høie Hetland blei vigsla til diakon av fungerande biskop Berit Andersen. Marit har sidan i haust vore tilsett som diakon i Bryne, Time og Undheim sokn. Ho er ein god kollega som eg set stor pris på å arbeida saman med.

Sjølve vigslingshandlinga består av

  • presentasjon av den nye medarbeidaren
  • bøn
  • påkalling av Den Heilage Ande
  • skriftlesing (Matt 28,18-20, Matt 25,34-40 og 2. Kor 5,17-20)
  • vigslingstale
  • formaning
  • medarbeidaren gir løfte
  • forbøn med handspålegging
  • påminning om ansvaret kyrkjelyden har

Det var ei flott og sterk oppleving. Biskopen preika på ein interessant og inspirerande måte over dagens tekst frå Luk 18,31-43. Ho gjekk også inn på diakontenesta sitt innhald og trakk linja heilt tilbake til Apostelgjerningane, der det står om Stefanus og dei andre diakonane som blei innsett i denne tenesta i urkyrkjelyden i Jerusalem (Apg 6).

Det var på mange måtar ei innhaldsrik føremiddag. Fire barn blei døypt i gudstenesta. Songen og musikken må også nemnast. I tillegg til organisten, som spelte keyboard og kyrkjeorgel, deltok mi syster Sissel (som er diakon) på fiolin, vidare ein musikar på kontrabass, ein songsolist og ei korgruppe. Og mot slutten av gudstenesta feira me nattverd saman.

Eg var noko usikker på kor mykje det ville bety for frammøtet at vinterferien starta denne helga. Det var derfor fint å kunna konstatera at det kom godt med folk til kyrkja. Det var ca 250 deltakarar i gudstenesta, og det blei verkeleg ein festdag både for Marit og for oss andre som fekk vera med!

Her er ein av songane me song:

Det er navnet ditt jeg roper, vil du følge meg?
Vil du trå i mine fotspor på en ukjent vei?
Vil du kjennes ved mitt navn, vil du møte sorg og savn,
vil du hvile i min favn og la meg bli hos deg?

Vil du ta det første skrittet, vil du følge meg?
Vil du gå til mine minste på en ukjent vei?
Vil du tåle onde blikk, Stå igjen når noen gikk?
Du skal gi dem alt du fikk, for jeg vil bli hos deg.

Vil du åpne blindes øyne, vil du følge meg,
se at fanger får sin frihet på en ukjent vei?
Vil du stelle andres sår, i det skjulte, år for år?
Da er lønnen som du får, at jeg vil bli hos deg.

Vil du trosse angst og uro, vil du følge meg,
ta imot deg selv med nåde på en ukjent vei,
la de ord som jeg har sagt, folde ut sin skapermakt
tross din tvil og selvforakt? For jeg vil bli hos deg.

Når du kaller, må jeg lytte. Jeg vil følge deg!
Jeg vil vende om og vandre på en ukjent vei.
Dit du går, vil jeg gå med, Herre, la din vilje skje,
for jeg vet at jeg skal se mitt liv fullendt i deg.

Dette er ein tekst som passa spesielt godt i dag. Teksten er omsett til norsk av Hans-Olav Mørk og står i boka Sanger fra vest.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: