Frå vatn til vin

I gudstenesta i dag preika eg over søndagens tekst frå Johannesevangeliet, forteljinga om bryllupet i Kana der Jesus gjorde vatn til vin. Som ein del av førebuinga mi, fann eg for nokre dagar sidan fram ein del litteratur om denne bibelteksten. Eg las blant anna den danske diktarpresten Kaj Munk (1898-1944) sin versjon av historia og blei så fascinert at eg ville la kyrkjelyden få del i den. Eg lét derfor første halvdelen av preika i dag vera eit utdrag frå hans preike og gjekk deretter sjølv nærere inn på nokre ord og uttrykk i teksten for så å forkynna evangeliet ut frå dette.

Preiketeksten for i dag (2. søndag etter Kristi Openberringsdag) står skrive hos evangelisten Johannes:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.» No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.» Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han. (2,1-11)

Eg vil i dag dela med dykk eit utdrag frå preikesamlinga Med ordets sverd. Her finn me den danske diktarpresten Kaj Munk si 65 år gamle preike frå 1942 over denne teksten.

Kaj Munk skriv at Jesus har glimt i auga i forteljinga om bryllupet i Kana. Det kan nok absolutt vera sant, men eg vil seia at eg syns dette fine uttrykket for god humor òg er passande for preikeformen til diktarpresten sjølv! Han maler teksten med eit glimt i auga, så historia stig levande fram for oss.

Kaj Munk skriv:

”Denne historien om Jesus i bryllupet i Kana, den må ganske sikkert være riktig. Den er så usannsynlig at den umulig kan være oppdiktet. Vi har sannelig grunn til å være takknemlig mot apostelen Johannes, det kjære gamle menneske, fordi han, og bare han, har husket at Jesu under-gjerninger begynte på denne festlige og verdige måten. Ellers er det jo mest syke som skal ha hjelp og sultne som skal ha mat og redde ulykkelige sjeler som skal ha trøst og styrke. Men selve innledningen til alle disse barmhjertighets-gjerningene er altså et mirakel som strengt tatt er overflødig og bare tjener til å skape øket fest. Jesus er så ung ennå, han er så full av livsglede. Det er vel også det eneste eksempel vi har på at han kunne være en spøkefugl – slik som en god sønn kan ha litt moro med sin egen mor. For sånn som han opptrer mot henne! Barsk og avfeiende. Men det er et glimt i øynene hans som hun kjenner. Derfor hvisker hun til tjenerne: Gjør det som han sier til dere.

Og der har vi brud og brudgom. De henger litt med ørene, nå skal de ha denne skandalen klistret fast til seg hele livet at vinen slapp opp ved bryllupet deres. Akk – hadde jeg bare vært maler! Se nå bruden! (…) Finnes det noe så vakkert som en brud? (…)

Og der står Jesus. Skal vi driste oss til å prøve å følge tankene hans. Han likte det vel ikke riktig da Maria kom med sin urimelige bønn. Han har bare tenkt: Mor er gal, hun forkjeler meg så hun tror vi våger å bry far der oppe med narrestreker. Men så har han sett bort på bruden og blitt fullstendig beseiret. Nei, det kan ikke være Guds mening at denne søte unge piken skal ha så dypt et skår i gleden på livets største festdag. Og han har spurt Gud og merket i sitt hjerte: ”Jo, det går an. Fordi jeg Guds sønn er til stede skal alt være bare fryd og gammen så det skal ryktes til alle tider og slekter hvordan det går for seg når jeg er med.” – Litt i bakgrunnen skal vi ha et morsomt bilde av kjøkemesteren som er ganske edru, men som det likevel går helt rundt for. Og det er ikke så rart, for der kommer de slepende med noe de har øst opp av vaskefatene og så er det – jamen det kan da aldri være riktig! det er vin, det er min salighet den fyldigste vin!

Og var man nå riktig modig slik som de gamle mestere var, så malte man et lite hull i himmelen der over Kana, og der oppe satt Gud og så med velbehag ned på sine glade, sorgløse mennesker. Man skulle kunne se på ham at han var inderlig fornøyd for at han hadde bestemt at i dag skulle det gå litt utenfor reglene. Skal det være gilde, så skal det være gilde. Når nå den bluferdige Maria var freidig nok til å ønske det og min egen gutt bad meg om det, og det er to slike prektige unge mennesker som tydeligvis er meget glad i hverandre, så er jeg også glad for at jeg reddet dem fra fadesen og gav dem en bryllupsgave de vil takke meg for i evighet.

Ja, så naivt ville jeg male det. (…) Tro hvordan det gikk med dette brudeparet i Kana etterpå?”

Slik spør Kaj Munk, og så er det som om han flytter brudeparet direkte inn i si tids danske kultur og kvardag:

”Jo de fortsatte naturligvis å se hverandre dypt inn i øynene, og kyssene smakte like friskt på sølvbryllupsdagen som et kvart århundre før. Jaså, gikk det slik? Hvem vet om ikke hun ble litt lat med årene (for slapp vinen opp, så hadde det jo hendt en gang før at det kom noe nytt av seg selv). Og kanskje han begynte å pimpe en smule (for den hadde jo smakt svært godt den siste forsyningen på bryllupsaftenen), og så ble det ballade hjemme naturligvis. Så ville de vel løpe fra hverandre? Kanskje de har truet med det? Men de visste så utmerket godt at det var helt utelukket. Hvorfor var det utelukket? Fordi – ja fordi de tilhørte jo hverandre. Det lå en flaske nede i kjelleren av Jesu brygg og den skulle de tømme i fellesskap. Og når de hadde vært fykende uvenner, så fikk de opp flasken, og hun skjenket et glass til hver, og så klinket de og drakk og satt litt og snakket med hverandre, og så gikk natten. Hva var det vinen smakte av? De kunne ikke finne ut av det. Men jeg vet det godt. Den smakte av hellighet. Det var noe hellig ved deres ekteskap. Jesus hadde vært til stede den kvelden det ble stiftet og gitt dem sin vin. Det er ikke noe som binder slik som det hellige.”

Så langt diktarpresten Kaj Munk.

Nokre tankar til teksten

Kanskje me òg skulle sjå på någen ord og uttrykk i teksten og sjå nærare på kva dei kan seia oss? Og kva er nå eigentleg hovudpoenget i denne forteljinga? Evangelisten Johannes er bevisst på at han kallar Jesu under for teikn (v 11). Dette fordi Jesus, ved å gjera under, gjennom sine handlingar viste utover den konkrete hendinga og forkynte at tida for oppfylling av profetiane og frelse frå det vonde, var komen.

Eit teikn har ein bestemt hensikt. Det skal føra til tru. Mot slutten av evangeliet får me høyra at evangelisten har tatt med eit bevisst utval av Jesu mange under, og at han er bevisst på korfor han fortel desse: ”Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på disiplane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.” (Joh 20,30f)

Men eit teikn er ikkje eit bevis som nødvendigvis fører til tru. Det er også muleg å avvisa teiknet. Den store smerta som går gjennom heile Johannesevangeliet, er dei mange som trass i alle teikna, ikkje vil tru på Jesus.

Jesu vinunder førte nok ikkje til at mange begynte å tru at Jesus var Messias. Det skjedde nok heller seinare. Men evangelisten gjer det klart at dei som stod Jesus nær, såg meir gjennom denne merkelege opplevinga; ”Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han.”

Me kan også stoppa opp litt ved Jesu svar til mora Maria. Det kan verka underleg for oss. ”Kva vil du meg, kvinne? Min time er enno ikkje komen.” (v 4)

Kva betyr dette med Jesu time? Det er eit uttrykk som kjem igjen utover i evangeliet. Først i denne formen, i uttrykket at Jesu time ennå ikkje var komen. Men så går forteljinga mot påske, og då er det någe som skjer. Når Jesus fortel disiplane at han skal lida og døy, seier han: ”Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen.” (12,23). Og kapittel 13 i evangeliet begynner slik: ”Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin.” (13,1)

Jesu time hadde med hans død og oppstode å gjera. Påskeforteljinga er sentral og den viser oss kven Jesus er og korfor han kom til verda. Gjennom sin død og oppstode tok han på seg all synd og skuld og opna ein veg inn i det evige Guds rike for oss menneske. Han kom med den gleda og den frelsa som var lova gjennom profetane i den gamle pakta i GT. Dette er underforteljingane teikn på, og historia om Jesu vinunder er ein del av dette biletet.

Sentralt i forteljinga om bryllupet i Kana står det seks store reinsingskar: ”No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. Fyll kara med vatn, sa Jesus.” (v 6-7)

Reinsingskara stod midt i festen som eit hint om vårt store menneskelege problem: Me er ufullkomne og skilt frå Gud. Jødane fulgte på Jesu tid reglane frå GT om koss dei kunne reinsa seg før måltid og i andre samanhengar, og derfor stod desse store steinkara midt i festlokalet. Men evangeliet forkynner for oss at Jesus avløyser den gamle reinsingspraksisen og kjem med någe heilt nytt. Med Jesus blir det lagt grunnlag for eit opent gudsforhold fordi han gjennom sin død og oppstode ein gong for alle gjorde opp for vår synd.

Det er derfor ikkje tilfeldig at Jesus gjer sitt overflods-under nettopp med å fylla dei gamle reinsingskara med nytt innhald! Han skapar någe nytt. Han gjer vatn til vin. Han kjem med Guds frelse til vanlege menneske og han skapar glede i vanlege menneskeliv. Den gode vinen i forteljinga er rett og slett eit bilde på Guds frelse. Og mengda med vin – ja, dei seks kara tok til saman ca 600 liter – er eit bilde på at Guds frelse er overveldande og rikeleg og stor nok for alle. ”Eg er komen for at de skal ha liv og overflod”, sa Jesus ved ein seinare anledning.

Ein av GT-tekstane som ligg bak og fargelegg dette, er profetien frå Jesaia 25, der det står om ein framtidig fest på Sions-fjellet: ”På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud, gjera eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite rettar, eit gjestebod med gamal vin, med feite, mergfulle rettar og gamal, klåra vin. På dette fjellet skal han ta bort det sløret som ligg over alle folk, det sveipet som er lagt over alle folkeslag. Han skal gjera døden til inkjes for alltid. Herren vår Gud skal turka tårene av alle andlet.”

Eit teikn for deg

Eg vil gjerne denne søndagen streka under at Jesus er midt blant oss og at han gir oss liv og overflod, han gir oss glede og evig frelse. Kristentru er ikkje någe trist og livsfornektande! Kristentru er grunnlaget for ekte glede og sann livsutfalding! Du kan leva i denne gleda gjennom dåpen og trua. I dag har me fått demonstrert Jesu opne famn gjennom dåpen. Dåpen er den nye pakts reinsingshandling, der eit menneske får del i Jesu død og oppstode og blir tatt inn i det nye fellesskapet av menneske som høyrer Gud til. Kan me drista oss til å seia at me har sett vinunderet på nytt i kyrkja i dag? Me tar vanleg vatn i døypefonten, men Jesus brukar dette til å gje oss del i Guds utrulege frelse. Han vil gje liv og overflod.

Du som er døypt har fått del i alt dette. Du er arving til Guds fullkomne rike. Nå gjeld det bare at du held fast på gåvene du fekk i dåpen. Det kan du gjera ved å leva i tru på Jesus. Han vil at også du skal ha liv og overflod, han vil at du skal eiga ei ekte glede og at du ein gong skal nå fram til det evige livet.

Mitt håp i dag er at teksten om Jesu under kan vera eit teikn for deg. Eit teikn som på nytt viser deg kven Jesus er og kva han har gjort for deg. Eit teikn som viser deg Jesu herlegdom.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Èitt svar til Frå vatn til vin

  1. Heidi seier:

    Nå har eg ledd og kost meg med sitatet frå kaj Munk. Takk skal du ha. Kom meg ikkje i kyrkja fordi eg var i førtiårsdag halve natta. Takk skal du ha.😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: