Gravferdsdagen

Esther Berge (1920-2007)

Esther Berge sommaren 2006I dag har me følgt mor til den siste kvile. Det er både godt og vondt. Mor betydde mykje og me skulle gjerne hatt henne lenger blant oss. Me saknar henne alt. Samtidig veit me at ho fekk leva aktivt til sin siste dag og at ho fekk oppfylt sitt ønskje om å sleppa eit langvarig sjukeleie.

Gravferda blei forretta av soknepresten i Hinna. Eg hadde vurdert om eg skulle gjera det sjølv. I dag, då eg sat i kyrkja, var eg veldig glad for at eg hadde valt som eg gjorde. Det var sterkt og godt å få sitja der og bare vera ein av familien.

Dette biletet stod ved mors båre i kyrkja. Foto: svoger Ivar Lein-Mathisen.

Me hadde ope minnesamvær etterpå. Der hadde eg ein tale om mor på vegne av den næraste familien. I tillegg var det mange andre som sa gode ord om henne. Dagen har vore full av sterke inntrykk. Det har vore mange samla, både av familien her i distriktet, av tilreisande familie og av venner av henne og av vår generasjon. Me har kjent på eit sterkt samhald og gleda oss over å vera saman, sjølv om det var på ein gravferdsdag.

Då eg kom heim, var eg skikkeleg trøytt. Eg sov lenge. Så har eg hatt ein roleg kveld etterpå. Det har vore godt.

Dagen har vore prega av det kristne håpet, som betydde mykje for mor. Eg tar med eit vers frå salmen Deg å få skode (Norsk Salmebok nr 479), som me song i kyrkja:

Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: