Esther Berge (1920-2007)

6a00d8341cb87053ef00e54f71fa4a8833-640wiDet nye året begynte på ein svært spesiell måte for meg. Mor døydde på nyårsdagen 1. januar.

Mor var ei aktiv og engasjert kvinne heilt til den siste dagen. Kvelden før hadde ho feira nyttår saman med gode venninner. Ho var glad i å vera saman med andre og hadde nær kontakt med oss i familien og med gode venner i Hinna menighet. Ho las mykje, og den siste helga hadde ho, ifølgje eigne dagboknotat, fordjupa seg i boka Sommerlandet og andre fortellinger av Eivind Skeie.

Til å vera 86 år, var mor utruleg frisk og rask. Ho gjekk tur ein eller to gonger dagleg, bortsett frå når det var altfor glatt. Ho tok imot besøk og var ute på besøk. Ho serverte god mat og heldt leiligheten sin rein og ryddig. Og ho elska å ha blomar rundt seg, både inne og ute.

Mor var forberedt på å døy, både åndeleg og praktisk, og ho kunne snakka om dette. Likevel kom det brått på oss at ho skulle døy nå. Ho fekk ein alvorleg hjerneblødning mens ho var ute og gjekk tur i nabolaget om føremiddagen, og døydde ca seks timar seinare på sjukehuset. Då hadde ein stor del av familien rekkt fram og besøkt henne. Eg fekk vera hos henne då ho trakk sin siste pust. Det er eg glad for.

Mor har betydd og betyr mykje for meg. Veldig mykje. Meir er det ikkje å seia om det, akkurat nå.

Eg lyser fred over minnet hennar!

(Oppdatering: Sjå også Gravferdsdagen)

4 svar til Esther Berge (1920-2007)

  1. Heidi seier:

    Varme tankar.

  2. Vi kjenner ikke hverandre, og har ikke møttes, men jeg synes jeg kjenner deg litt gjennom den fine bloggen din, og jeg vil gjerne få gi uttrykk min dypeste medfølelse i anledning din mors død. Jeg mistet min egen for noen år siden, og min far da jeg var 12. Det er merkelig når begge er borte. En vegg i ens hus er borte. Da jeg leste bloggen din idag med meldingen om din mors død, kom jeg til å tenke på ordene fra Salme 116,15: “Dyrebar i Herrens øyne er hans frommes død.” Som de sier i den ortodokse kirke: Evig minne!

    En medvandrer som ber for deg i sorgen
    Bjørn Olav Hansen

  3. anne seier:

    Så trist. Tenker på dere.

  4. Arne seier:

    Takk for varme tankar og gode ord! Me har fått utruleg mange helsingar i denne tida, i form av blomar, besøk, brev, kort, sms og altså også kommentarar her på bloggen. Det har gjort godt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: