Født i Betlehem eller i …?

Denne jula har det vore ei rekke medieoppslag om kvar Jesus "eigentleg" blei født. Det viser seg å vera godt stoff. Men det er viktig å vera merksam på at me finn heile spekteret frå fagleg interessante artiklar til det eg vågar å kalla useriøs vidareformidling (kvitvasking?) av heller tvilsame teoriar.

Stavanger Aftenblad har i papirutgåva 29.12 den interessante kronikken Født i Betlehem eller Nasaret?
Det er Fartein Valen-Sendstad som skriv, og han går gjennom historiske
argument for og mot det tradisjonelle synet som seier at Jesus blei
født i Betlehem i Judea. Han peiker blant anna på at profetien i Mika
5,1 ff truleg ikkje var så viktig i jødisk tru på Jesu tid og meiner
det er meir sannsynleg at den har kome inn som skriftbevis i ettertid
enn at denne profetien er kjelda til Jesu fødestad. Han avsluttar med å
seia at me historisk sett ikkje kan konkludera og seia "her var det!",
men at det er mogleg å seia at det er gode argument som peiker i
retning av Betlehem.

Dagsavisen har julaftan artikkelen Et barn er født i ….. hvor?
skriven av Roger Hercz. Han har intervjua ulike fagfolk og
kyrkjeleiarar i Jerusalem og Betlehem om temaet, og presenterer
teoriane om Nasaret, evt landsbyen Betlehem i Galilea, som interessante
alternativ til bibelforteljingane om Jesu fødsel i Betlehem i Judea.
Han vinklar det heile slik at diskusjonen får eit aktuelt tilsnitt:
kanskje er det i historia om Jesu fødsel ein hemmelighet som kan hjelpe
oss til å forstå vår fleirkulturelle verd anno 2006. Litt søkt, spør du
meg, men la gå!

Det oppslaget som blei sitert oftast (pga NTB), var også det mest
useriøse. Den danske avisa Kristelig Dagblad hadde rett før jul ein
artikkel med tittelen Ny debat om Jesu fødested.
Dette var ein reportasje frå den israelske landsbyen Betlehem i Galilea
(altså ikkje Betlehem i Judea) om den israelske arkeologen Aviram Oshri
som hevdar at Jesus blei født denne staden. Journalisten fekk det til
at "flere og flere" forskarar støttar dette synet og siterer Oshri
slik: "Fra et rent videnskabeligt synspunkt peger alt på, at Jesus er
født i Galilæas Betlehem og ikke i det kendte Betlehem syd for
Jerusalem"! Vidare står det at denne teorien får "bred anerkjennelse"
og avisa nemner til og med namnet på ein amerikanske teolog (Bruce
Chilton) som bevis for denne anerkjenninga …

Eg tvilar ikkje på at den israelske arkeologen er overbevist om sitt
syn og at han kjempar for sin "baby". Men eg syns Kristelig Dagblad er
useriøs i si vidareformidling av dette. Dei smører på med velvillig
omtale som om dette er ein akseptert teori, og stiller ikkje eit
einaste kritisk spørsmål.

Eg var blant dei som las dette på Kristelig Dagblad si nettside før
jul, utan at eg blei særleg imponert. Men NTB opplevde "nyheten" som
godt stoff, og dermed fekk mange norske avislesarar lesa om arkeologen
som nå fekk støtte av "fleire og fleire" forskarar, sjå f eks her og her.

Sjølv har eg fleire gonger vore i Fødselskyrkja i Betlehem i Judea,
og eg har ingen problem med å rekna dette som Jesu fødestad. Ut frå
historiske forskningsmetodar, kan det sjølvsagt ikkje bevisast
at Jesus blei født på denne staden. Slik sett formulerer Fartein
Valen-Sendstad eit historisk syn på ein grei måte. Men det synspunktet
som støttar seg på bibeltekstane og på den kristne tradisjonen, står
faktisk framleis svært sterkt, også i møte med ei historisk tenkning!
Det er slett ikkje slik at dei alternative teoriane har fått "bred
anerkjennelse".

Me kan følgja historia så langt tilbake som mogleg, og seia at

  • Evangelistane Matteus og Lukas skriv så tidleg som ca år 70-80
    e Kr om Jesu fødsel i Betlehem i Judea, og dei har tydelegvis kvar sine
    kjelder for det dei skriv.
  • Tradisjonen om at Jesus blei født i grotta som i dag ligg under
    Fødselskyrkja i Betlehem, kan følgjast tilbake til dei første kristne
    hundreåra, og den byggjer truleg på dei lokale kristne sin kunnskap om
    saka. Kanskje kan me slå fast at tradisjonen kan førast heilt tilbake
    til ca 135 e Kr, då keisar Hadrian bevisst vanhelga grotta ved å leggja
    ein heidensk offerlund på staden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: