Apostelen Andreas

I dag er det apostelen Andreas sin minnedag. Då kan det jo vera på sin plass å henta fram litt stoff om han her på bloggen.

Dette er også ei særs aktuell sak, då det mykje omtalte besøket som paven i desse dagar gjer i Tyrkia, er knytt til markeringa av denne dagen. Apostelen Andreas er ein viktig person for den bysantinske kyrkja og for den gresk-ortodokse patriarken i Istanbul. Møtet mellom paven og patriarken er for øvrig av stor økumenisk betydning (sjå her).

Andreas var frå Betsaida ved Gennesaretsjøen, men budde seinare i Kapernaum. Der var han fiskar saman med broren Simon (=Peter). Han var først disippel av døyparen Johannes, men møtte Jesus og "gjekk over" til han, og blei ein av dei første av Jesu tolv disiplar.

Tradisjonen seier at Andreas seinare dreiv misjon i Svartehavsområdet og i Hellas, men dei mange tradisjonane om han er nok meir eller mindre legendariske. Les meir om tradisjonsstoffet knytt til Andreas her.

Det er spesielt Johannesevangeliet som har med detaljar om Andreas. Det ser ut for at han har hatt ei spesiell gåve knytt til det å føra menneske til Jesus:

Dagen etter stod igjen Johannes der med to av disiplane sine. Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» Dei to disiplane høyrde kva han sa, og følgde etter Jesus. Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi,» – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» «Kom og sjå,» svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.
   
Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter. (Joh 1,35-42)

Ein annan av disiplane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:  «Det er eit barn her som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» (Joh 6,8-9a)

No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. (Joh 12,20-22)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: