Ein biskop frå Time

Biskop Peter Hognestad (1866-1931) var her frå Time. I kveld (26.11.2006) arrangerte Time sokneråd ein kulturkveld der denne biskopen fekk vera i fokus, 75 år etter sin død. Kulturkvelden blei arrangert som ei første markering fram mot Time kyrkje sitt 150-års jubileum som skal feirast i 2009.

Peter Hognestad kom frå bygda Hognestad like ved Bryne, der denne bloggen blir skriven. Han er kjent som prest og biskop, forfattar og salmediktar. Spesielt har nokre av dei salmane han har omsett og gjendikta, blitt mykje brukt; Fager kveldssol smiler og Det hev ei rose sprunge er eksempel på det.

Peter Hognestad var aktiv målmann. Interessant nok blei han i 1903 tilsett som stiftskapellan i Oslo, med spesielt ansvar for å halda gudstenester på nynorsk! Og i 1906 var han blant innbydarane til stiftinga av Noregs Mållag. I 1916 blei han biskop i Bjørgvin. Han var den første biskopen som preika på nynorsk, og dette blei det visst mykje oppstyr omkring!

Han var også hovudredaktør for den første nynorske bibelutgåva (Studentmållagsbibelen), som kom i 1921.

Kunstnaren Herborg Kverneland heldt eit interessant kåseri om biskopen. Ho kjem frå den same Hognestad-familien og kunne derfor dela både av historiske fakta og av tradisjonsstoff frå eigen familie. Ho hadde også laga kalligrafi-trykk med Fager kveldssol smiler, som blei solgt til inntekt for kyrkejubileet. Ein flott julegåve-idé.

Kvelden blei avslutta med Aftansong frå Altarboka som kom i 1920 og som Peter Hognestad hadde deltatt i utforminga av. Me song Hognestad-salmar og prost Anne-Sofie Haarr las ei preike av Hognestad frå boka Kvila i Gud, ei preikesamling som kom ut i 1933, etter hans død.

Oppdatering 28.11.2006: Sjå også Wikipedia sin artikkel om Peter Hognestad. Her finn du m.a. oversikt over utgjevingane hans. Ivar Aasen-sambandet har også ein artikkel om Hognestad.

2 svar til Ein biskop frå Time

  1. Per Halse seier:

    Flott å sjå at de ærar Hognestad – det er der mange gode grunnar til å halde fram med. 1921- bibelen har ofte vorte kalla “Seippel-bibelen”, men “Hognestad-bibelen” er nok vel så sakssvarande. Og når du nemner altarboka; Den første omsetjinga av Tekst- og altarbok til nynorsk var det Peter Hognestad som stod føre for over hundre år sidan. Den store forfattarskapen hans, og alt arbeidet for å sameine målsak og kyrkjesak, er eit studium verdt. Når vår gode ven Anders no fullfører Blix-biografien, kan kanskje Bryne-presten Berge ta over stafettpinnen med eit verk om “bondebispen” frå Hognestad?

  2. Roy-Olav seier:

    Berre det at han var den første biskopen som preika på nynorsk er grunn nok til å ære han.

    Det er herleg å høyre slike gode og fine rapportar frå Den norske kyrkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: