Kursdagar i Oslo

Denne veka (skrive i november 2006) har eg vore på to kursdagar i Oslo i samband med Størst av alt, dvs trusopplærings-prosjektet som Bryne kyrkjelyd er med i. Det har vore to innhaldsrike og interessante dagar.

Me var omlag 230 medarbeidarar samla frå ulike kyrkjelydar som er med i prosjektet. Det var flott å oppleva den positive stemninga og forventninga som prega forsamlinga. I tillegg til det fagleg påfyllet, fekk me også høyra om og sjå utstillingar frå mange ulike tiltak i trusopplæringa frå heile landet.

Den første dagen var arrangert av sekretariatet for trusopplæringsreforma, og var ei intern samling for prosjektkyrkjelydane. Eg vil trekkja fram to ting frå denne dagen:

  • Eivind Skeie hadde eit innlegg der han blant anna snakka om den kristne trua sin plass i det offentlege rom i dag og om religionens sju dimensjonar. Han har alltid noko spennande å koma med, syns eg.
  • Eg deltok i ei gruppe der me hadde erfaringsutveksling omkring barns plass i gudstenesta. Det var innleiing til samtale ved ei kvinne frå Askim som fortalde om det dei kalla Barnas gudsteneste. Det mest interessante ved gruppesamlinga var ein samtale omkring barns deltaking i nattverdfeiringa.

Den andre dagen var arrangert av IKO og temaet var Bredde og dybde i trosopplæringen. Eg syns nok denne dagen gav meg meir og vil spesielt trekkja fram:

  • Trond Skard Dokka hadde eit flott hovudforedrag over temaet. Han tok faktisk utgangspunkt i dåpsopplæringa i oldkyrkja, representert ved Tertullians undervisningsopplegg i Kartago – og trakk så linjer til arbeidet med trusopplæring i vårt samfunn. Eit originalt utgangspunkt, som i alle høve gav meg stort utbytte!
  • Musikarane Ulf Nilsen og Georg Reiss (2 of a Kind) akkompagnerte allsong og hadde ein liten konsert for oss mellom eit par av foredraga, og dette musikalske innslaget var bare heilt strålande!
  • Foredraget Å kunne sitt Fadervår ved Ingeborg Moræus Hanssen (tidlegare kinodirektør i Oslo) sette mange tankar i sving omkring kyrkja sin plass i samfunnet.
  • Eg var med på eit par småseminar om trusopplæring i Den katolske kyrkja og i Det mosaiske trossamfunn.

Elles fekk eg tatt meg tid til å sjå julekrybbeutstillinga i Katakomben under Bok og Media i Akersgata. Dette er noko eg har hatt lyst til i førjulstida i fleire år, men det har aldri passa for meg. Eg syns det var spennande å sjå koss juleevangeliet har slått rot i ulike kulturar frå heile verda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: