Meir debatt om Qumran

QumranFunnet av Dødehavsrullane var ein av dei arkeologiske sensasjonane i det 20. hundreåret. Dei gamle skriftrullane blei funne i holer i ørkenen i området ved Qumran nær Dødehavet (sjå biletet). I Qumran var det ein jødisk busetnad fram til romarane tok området i den jødiske krig i tida omkring år 70.

Det går nå (nov 2006), som tidlegare omtalt på bloggen, ein debatt om kva som er forholdet mellom Dødehavsrullane og busetnaden i Qumran. Den norske debatten går mellom dei to forskarane Torleif Elgvin og Fartein Valen-Sendstad i Vårt Land (papirutgåva), og bloggen qumran.no har publisert artiklane deira på nettet.

Nå har Fartein Valen-Sendstad kome med ein ny runde i debatten med artikkelen Ny forståelse av Qumran?

Så vidt eg kan sjå, kan me forenkla debatten slik:

Torleif Elgvin meiner at Qumran var befolka av essearar, og at desse stod bak skriftene som utgjer Dødehavsrullane. Dette er det tradisjonelle synet som har hatt stor oppslutning blant forskarane, og som blir formidla i både i faglitteratur og i meir populære reisehandbøker. Elgvin, som er ein av dei internasjonalt anerkjente forskarane på Dødehavsrullane, meiner at “nye hypotesar” byggjer på sviktande fagleg kunnskap.

Fartein Valen-Sendstad vil heller seia at det er to syn på forholdet mellom Dødehavsrullane og Qumran. I tillegg til den tradisjonelle teorien, meiner han at det finst ny og seriøs forskning som  lausriver Dødehavsrullane frå busetninga, og som altså hevdar at det ikkje var essearar som budde i Qumran.

Sjå også artikkelen Donytt som viser til forskning omkring ein latrine og om kva dette kan seia oss om folket som heldt til i Qumran.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: