Debatt om Qumran

20061016_israel_06_a080 Det er for tida debatt om bakgrunnen for staden Qumran ved Dødehavet. Qumran er ein interessant ruin nær holene der Dødehavsrullane blei funne for drøyt femti år sidan. Biletet viser det spesielle landskapet og ei av holene i ørkenen.

Når eg skriv dette, er det nøyaktig ei veke sidan eg var i Qumran. Eg hadde lese om dei nye og omdiskuterte teoriane før eg reiste, og det var derfor spesielt interessant å koma tilbake til staden denne gongen.

Utgangspunktet for debatten er at den israelske arkeologen Yizhaq Magen tidlegare i år publiserte ein artikkel med heilt nye teoriar om kva slag stad Qumran var. Dette har Fartein Valen-Sendstad formidla vidare til norske lesarar gjennom ein kronikk i Vårt Land. Nå har den norske Qumran-spesialisten Torleif Elgvin gjeve eit svar der han argumenterer for at det tradisjonelle synet på Qumran, trass i nye teoriar, framleis står sterkt blant forskarane som er spesialistar på temaet.

Du kan lesa desse artiklane på den norske bloggen qumran.no:

Det tradisjonelle synet er at Qumran var eit senter for Samfunnet, ein del av den jødiske essear-rørsla. I dette senteret produserte essearane skriftrullar som dei gøymde i holer då romarane kom til området under Den jødiske krig i år 68 e.Kr. Det er desse skriftrullane som fekk namnet Dødehavsrullane, då dei blei funne i 1946 og åra etterpå. Eg har tidlegare skrive meir om dette her.

Den nye og alternative teorien er at det slett ikkje budde essearar i Qumran, men at staden var ein keramikkfabrikk som produserte leirkrukker. Teorien forklarar funnet av Dødehavsrullane med at essearane i år 68 passerte Qumran på flukt frå romarane og at dei der skaffa seg krukker som dei så kunne gøyma skriftene sine i.

Torleif Elgvin skriv blant anna:

Det er seks gode grunner for å anta en nær relasjon mellom et religiøst preget fellesskap som holdt hus i Qumran og boksamlingen funnet i hulene:
1) Terrenget her er trangt og bratt. Seks av de elleve hulene med bokruller ligger rett syd for ruinene. Man var nødt til å gå gjennom bosetningen for å komme til disse hulene. Det gjelder også hule 4 som inneholdt rester av mer enn fem hundre bokruller.
2) Eshel og Broshi har under sine utgravninger funnet spor av gamle veltråkkede stier som ledet nordover fra bosetningen til andre huler og teltplasser i nærheten. Disse stiene gir ingen mening i Magens ‘flyktningeteori’.
3) Hovedgravgården inneholder mer enn tusen graver med en spesiell gravleggingsmåte som kan være religiøst motivert. Vi aner et religiøst samfunn bak dette, ikke arbeidsstokken i en keramikkfabrikk.
4) Bar-Nathan har påvist at under det første jødiske opprør (årene 66-70) ble det produsert en type arkiv-krukker, spesialdesignet for å lagre bokruller. Kan det tyde på at keramikkarbeiderne var spesielt boklig anlagt?
5) Tredjeparten av bokrullene er skrevet i en ‘skriver-skole’ med spesielle særtrekk. Her finner man også de skriftene som reflekterer ‘Samfunnet’s organisasjon og bibelutleggelse. Boksamlingen har altså en tydelig religiøs tendens, den er neppe en tilfeldig samling reiselitteratur.
6) Den romerske forfatter Plinius den eldre lokaliserer ‘esseerne’ nettopp til nordvestbredden av Dødehavet, mellom Jeriko og Ein Gedi. Dette skriver han få år etter at romerske styrker inntok Qumran i 68 e.Kr. I terrenget her er stedet Qumran den eneste mulige kandidat til et slikt esseisk senter.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: