Å hjelp meg du

Notat 29.09.2008:

Denne helga står Arne Garborg i fokus her i heimen. Kantaten Å hjelp meg du skal framførast i Bryne kyrkje av Jærklang saman med fleire musikarar, resitatør og eit anna kor som kjem på besøk, Evje og Hornnes menighetskor. Komponisten Sigvald Tveit kjem for å dirigera det heile. Grunnen til at dette arrangementet er i fokus for oss nå i helga, er at Inger er sterkt involvert (og eg er ein interessert og imponert ektefelle på sidelinja).

Jærbladet skriv i dag:

– Me gler oss veldig til å få synga, ikkje minst skal det bli spanande med Sigvald Tveit som dirigent, seier Inger Bakke Berge, leiar i Jærklang. Dei står som arrangør for Spor-arrangementet saman med Time Mållag.
– Komponisten sjølv synest det er veldig spesielt å koma til Arne Garborg sin heimkommune å få dirigera kantaten, legg Inger Bakke Berge til.

(…)

«Å hjelp meg du» er eit sitat frå Haugtussa, og er eit bilete på Garborg sitt kompliserte forhold til kristendommen. Sigvald Tveit har sett melodiar til utvalde dikt som handlar om diktaren sin kamp i høve til tvil og tru, naturlyrikken er også representert. Musikken ynskjer å avspegla stemningane i tekstane, og fleire kjende dikt har fått nye melodiar.

(…)

– Det er eit veldig bra initiativ Jærklang har teke, seier Tarald Oma, leiar i Time Mållag. Han er og fornøgd med at mållaget vart invitert til å vera med på samarbeidet. – For oss som arbeider med å få til eit Garborg-senter er dette noko av det beste som kunne skje. Hensikta med senteret er å få eit meir moderne fokus på det Garborg har skrive. Det gjer Sigvald Tveit med å setta nye melodiar til Garborg-tekstane. Skal me halda oppe interessa for klassikarane, må me gjera fornyingar.
Leiaren i Time Mållag meiner det er viktig å utvikla samarbeid med andre organisasjonar – som ledd i å skapa eit Garborg-senter. Folk må koma fram med sine idear.
– Di fleire personar som tykkjer at Garborg er viktig for dei, di sterkare står Garborgsenteret, meiner Tarald Oma.

Les heile artikkelen her.

Eg gleder meg spesielt over at Sigvald Tveit kjem til arrangementet, først og fremst fordi eg trur det blir flott å oppleva han som dirigent. Men også fordi me var saman på Solgården i fjor sommar og det skal bli kjekt å treffa han igjen.

Tittelen på kantaten er henta frå Bøn, eit av dei flotte dikta i Haugtussa. Det finst ei utgåve med lett modernisert språk i Norsk Salmebok nr 448, men her tar eg med diktet i Garborg si eiga språkdrakt:

Aa hjelp meg du som hjelpe kann!
Du ser kor saart eg strider.
Mitt Hjarta trøytt i tunge Band
forutan Von seg vrider.
Mi Naud eg kann kje ut faa sagt;
det vonde fekk so stor ei Magt;
som Brand i Barm det svider.

Ja hjelp meg du som hjelpe kann!
Til deg mi Bøn eg sender.
Du stridde sjølv og yvi vann;
du Myrkje-Magti kjenner.
Mi Naud er stor, min Strid er fæl;
ver hjaa meg du som vil meg vel!
Daa veit eg alt seg vender.

Oppdatering 02.10. Jærbladet skriv i dag:

Garborg-kantaten i Bryne kyrkje lørdag kveld trakk 250 publikummere.
– Vi synes det var veldig bra. Også komponist og dirigent Sigvald Tveit var fornøyd, så det var en veldig flott opplevelse. Vi fikk mange positive tilbakemeldinger etterpå også, både på selve verket og framføringen, sier Inger Bakke Berge fra koret Jærklang, som sto som arrangør sammen med Time mållag.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: