Den gode kona

6a00d8341cb87053ef00e54f794f4d8834-640wi

I dag (20.09.2006) er det ny 50årsdag her i heimen på Bryne. Det er nokre månadar sidan markerte min runde dag, og på forsommaren hadde Inger og eg stor felles feiring. Men nå er altså tida komen også for sin store dag.

Gratulerer så mykje, Inger! Du betyr utruleg mykje for meg, men også for resten av familien og for mange andre!

I Bibelen kan me finna mykje bra stoff. Eg tar på denne dagen med lovprisinga av den gode kone frå Salomos Ordtøke kap 31 i Det gamle testamentet. Her er det mange utsegner som passar godt på Inger!

Den gode kona, kven finn vel henne?
Meir er ho verd enn perler.
11 Mannen set all si lit til henne,
og det skortar ikkje på vinning.
12 Ho gjer berre godt imot han,
og inkje vondt, så lenge ho lever.
13 Ho syter for ull og lin,
hennar hender arbeider med liv og lyst.
14 Ho er som ein kjøpmanns skip,
langt bortanfrå hentar ho mat.
15 Før det ljosnar av dag, er ho oppe,
gjev huslyden mat, set jentene i arbeid.
16 Vil ho ha ein åker, får ho tak i han;
ho plantar ein vingard for det ho har tent.
17 Styrke er beltet ho har om livet,
i armane legg ho kraft.
18 Ho merkar at arbeidet lukkast,
hennar lampe sloknar ikkje om natta.
19 Ho legg hendene på rokken,
og fingrane grip om teinen.
20 Ho opnar handa for dei som lid naud,
retter armane ut til fattigfolk.
21 Kjem det snø, er ho ikkje redd for huset,
for heile hennar hus er dobbelt kledt.
22 Teppe lagar ho sjølv,
ho har klede av lin og purpurfarga ull.
23 Hennar mann er kjend der folket samlast,
han sit i lag med dei eldste i landet.
24 Ho lagar skjorter som ho sel,
og sender belte til kjøpmannen.
25 Kraft og vørdnad er hennar klednad,
og ho ler mot komande dagar.
26 Ho talar klokt når ho opnar munnen,
og venleg rettleiing har ho på tunga.
27 Ho ser etter korleis det går i huset,
og et ikkje brød ho har vunne i latskap.
28 Hennar søner stig fram og prisar henne sæl,
og mannen gjev henne ros:
29 «Det finst mange dugande kvinner,
men du går over dei alle.»
30 Ynde sviktar, og venleik forgår,
ei kvinne som har age for Herren, skal prisast.
31 Lat henne nyta frukta av sitt arbeid;
der menneske møtest,
får ho ros for sine gjerningar.

4 svar til Den gode kona

  1. Trygve Berge seier:

    “Hennar søner stig fram og prisar henne sæl”

    Eg følger opp sitatet, og gratulerer så masse frå Sør-Afrika! Håper du får ein flott dag i dag – og eg er glad for at eg fekk feira deg i juni mens eg endå var heime.

    Klem frå Trygve

  2. Arne Dag Kvamsøe seier:

    Gratulerer, Inger, om enn litt forsinka. Det var flott å få vera med å feira dykk begge i juni! Skal seia at Arne har funne ein kraftig – og saftig – bibeltekst å hylla deg med. Så langt eg kan sjå, er han absolutt inne på noko. Lukke til med den spennande “etter-50”-fasen av livet. Ønsker dykk god tur til Israel. Arne Dag.

  3. Heidi seier:

    Nydeleg og treffande. Særleg v.18.b Lampe kan eventuelt skiftast ut med pc…

  4. Tone og Sissel seier:

    Hei Arne og Inger! Kjekt å lese hvordan dere har det! Vi koser oss på Ganddal og følger med dere og ber for dere! Håper dere har det fint!
    Mvh Tone Regine og mor🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: