Aftenbladet i tabloidformat

Frå i dag har Stavanger Aftenblad gått over til tabloidformat. Det er bra! I kveld har eg lese meg gjennom dagens utgåve, som er på heile 168 sider. Sjølvsagt etter den vanlege avislesar-metoden: Noko les eg med ein gong, noko hoppar eg raskt over og noko bestemmer eg meg for å lesa seinare. Spennings-momentet er … Hald fram med å lese «Aftenbladet i tabloidformat»

Frå i dag har Stavanger Aftenblad gått over til tabloidformat. Det er bra!

I kveld har eg lese meg gjennom dagens utgåve, som er på heile 168 sider. Sjølvsagt etter den vanlege avislesar-metoden: Noko les eg med ein gong, noko hoppar eg raskt over og noko bestemmer eg meg for å lesa seinare. Spennings-momentet er alltid om dette siste skjer.

Aftenbladet er viktig for meg og eg prøver å få tid til avisa kvar dag. Likevel vil eg seia at to ting har irritert meg ved avisa. Nå var eg spent på om det var nokon endring å sjå på desse områda.

  • Leiarartikkelen har fått fast plass på side 2, og tilsvarande har ein kommentarartikkel fått fast plass på side 3. Dette er eit stort framsteg. Slike artiklar er noko av det viktigaste i ei avis! Det er her avisa faktisk meiner noko sjølv. Dei siste åra har ikkje leiarartikkelen hatt fast plass, og den har konsekvent kome lenger ute i avisa.
  • Internasjonale nyheter får framleis altfor liten plass i avisa. Den eine sida med tittelen Utland i fullformat-avisa har blitt til to sider i tabloidavisa (side 22-23). 2 av 168 sider viser at avisa legg altfor lite vekt på det internasjonale nyhetsbiletet! Redaktør Tarald Aano, som har vore prosjektleiar for omlegginga, skriv i ein spalte at Aftenbladet "jobber for å lage en avis for mange ulike lesere: Han som har tre-fire minutter ved frokosten, skal få med seg det viktigste. Hun som har en halvtime kan lese mer. Og den som har veldig god tid, skal kunne bruke halve formiddagen på avisen vår." Det er bra, – men målsettinga om å laga en avis for mange ulike lesarar bør få fleire konsekvensar for innhaldet enn dei me har sett til nå.

Det er bra at Aftenbladet har gått over til tabloidformat. Avisa er ein viktig institusjon for oss som bur i Sør-Rogaland, og eg og mange med meg vil sjølvsagt at avisa skal vera eit topp produkt, både i form og innhald. Eg er ikkje blant dei som trur at tabloidformatet må gå ut over seriøsiteten. Eg har vore lesar av Vårt Land i mange år, og veit at det er fullt muleg å produsera kvalitet på eit lite format.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.