Betesda

Notat til søndagens tekst: Joh 5,1-15

Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar. Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. (Joh 5, 2-3a)

Slik står det i bibelforteljinga om den sjuke ved BetesdaStaden er lokalisert i dagens Jerusalem gjennom arkeologiske utgravingar i det muslimske kvarteret i Gamlebyen.

Betesdadammen bestod eigentleg av to dammar. Dei fem bogegangane som er nemnt i Johannesevangeliet, var på Jesu tid relativt nye. Dei var bygde av Herodes den store. Den nordlege dammen var truleg konstruert på 700-talet f.Kr. og den søndre på 100-talet f. Kr. Dammane har opprinneleg hatt ein funksjon i forhold til tempeltenesta, men blei etterkvart kjent som ein stad der det skjedde helbredingar, både ved trua på jødane sin Gud og på heidenske (dvs romerske) gudar.

På Jesu tid var dette derfor ein stad som samla mange funksjonshemma og sjuke, og det var store forventningar knytt til vatnet i dammen. Kanskje me kan kalla dette den tids healing-miljø i Jerusalem? Johannesevangeliet fortel, utan å kommentera det, kva folk trudde kunne skje her:

Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle, for ein Herrens engel steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde. (Joh 5,3b-4, desse versa er ikkje med i dei eldste handskrifta av Johannesevangeliet).

Etter at romarane tok Jerusalem (år 70 e. Kr.) og ca 60 år seinare gjorde den om til ein romersk by (Aelia Capitolina), blei det bygd eit tempel på staden, knytt til legeguden Asklepios. På 400-talet blei det, etter at Jerusalem var blitt ein del av det kristne bysantinske riket, bygd ei kyrkje til minne om Jesu under ved Betesdadammen. I dag kan me sjå restane etter både dammen, tempelet og kyrkja på denne fascinerande staden. Like ved ligg også den store korsfararkyrkja St. Anne frå 1130-åra, truleg det flottaste bygget som er igjen etter korsfararane i Det heilage landet.

Tilbake til forteljinga i Johannesevangeliet:

No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»  «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»  Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»  Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk. (Joh 5,5-9a)

Forteljinga fortel oss om Jesu makt til å helbreda, men også om hans omsorg for enkeltmenneske. Det er kanskje overraskande at det ikkje er snakk om tru her. Mannen som blei helbreda, visste på det tidspunktet ikkje eingong kven Jesus var! Det går fram av det siste avsnittet i forteljinga:

Men det var sabbat den dagen. Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’»  «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk. (Joh 5,9b-15)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: