Døyparen Johannes sin martyrdød

I dag er det ifølgje kalendaren minnedag for døyparen Johannes sin martyrdød. Forteljingane om Johannes’ død er for det første interessant historisk stoff. Samtidig kan det minna oss om at det òg i vår tid er mange som lid og som ofrar livet for overtydinga si.

Eg syns dessutan det er interessant å plassera hendinga geografisk. Bibelen seier ikkje noko om staden der det skjedde, men andre kjelder lokaliserer dette til borga Makerus (eng: Machaerus) i øydemarka aust for Dødehavet.

Døyparen Johannes er ein viktig person i starten av evangelieforteljingane. Han stod fram som forkynnar i øydemarka ca år 28-29, samla store folkemengder og døypte mange i Jordanelva og ved Betania på andre sida av Jordan. Dette var like før og i starten av Jesu offentlege verksemd. Men døyparen Johannes blei relativt raskt tatt til fange av landsfyrsten Herodes Antipas. Dette skjedde dels fordi fyrsten var uroleg for Johannes’ si store innflyting på folket og dels fordi Johannes konkret kritiserte fyrsten og familien hans.

Herodes Antipas hadde tatt broren si kone, Herodias, og gifta seg med henne. Dette er for øvrig bare ein liten detalj i ein familie med svært innfløkte og uoversiktelege relasjonar (“Herodes-dynastiet”). Då fyrsten feira bursdag, kom dotter til Herodias inn og dansa for gjestene. Dansen hennar fekk så mykje positiv merksemd at jubilanten der og då svor på at ho kunne be om kva ho ville, og ho skulle få det. Jenta gjekk då og spurte mora si om råd, og mora fekk henne til å be om døyparen Johannes sitt hovud på eit fat!

Kongen vart ille ved, men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, ville han ikkje seia nei til henne. Han sende straks ein bøddel i veg med bod om å henta hovudet til Johannes. Bøddelen gjekk og hogg hovudet av Johannes i fengselet. Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si. (Mark 6,26-28).

Historikaren Josefus skriv også om konflikten mellom døyparen og landsfyrsten. Han stadfestar biletet som NT gjev av at Johannes samla mange folk, at han forkynte og døypte og at Herodes Antipas tok han til fange og seinare blei ansvarleg for hans død. Men mens evangelia legg vekt på fyrsten sine personlege motiv for at Johannes blei drepen, legg Josefus vekt på dei politiske motiva som gjorde at døyparen hamna i fengselet.

Josefus fortel altså også at det skjedde på borga Makerus som låg i Perea, eit område aust for Dødehavet som på Jesu tid høyrde til landsfyrsten Herodes Antipas og som i dag ligg i Jordan.

“Da flere sluttet seg til folkemengden som omgav han – for de ble dypt grepet av ordene hans – ble Herodes skremt: en så sterk innflytelse over mennesker kunne føre til opprør. Folket syntes å være rede til å gjøre hva enn Johannes rådet dem til. Derfor mente Herodes at det måtte være bedre å slå til først og bli kvitt ham før noe opprør kunne utvikle seg. Han ville heller det enn selv havne i vanskeligheter og så beklage seg over at han ikke hadde handlet da opprøret begynte. Derfor ble Johannes brakt i lenger til Makerus på grunn av Herodes’ mistenksomhet. Dette er den borgen vi tidligere har nevnt, og det var her han ble drept. Men jødene trodde at ødeleggelsen av Herodes’ hær kom som hevn mot Herodes (for å ha henrettet Johannes), at Gud ville skade ham.” (Paul L. Maier: Josefus Hovedverk, s. 271-272)

Makerusborga var bygd av den hasmoneiske kongen Alexander Janneus (103-76 f.Kr.). Kong Herodes den store (37-4 f.Kr) bygde borga opp på nytt eit par generasjonar seinare. Denne Herodes (den store) er den harde kongen me kjenner frå forteljingane om Jesu fødsel. Han var far til Herodes Antipas som var landsfyrste i Galilea og Perea i heile den tida Jesus levde, og som altså var den som tok livet av døyparen Johannes.

Det er blitt hevda at Josefus’ lokalisering av hendinga neppe kan vera korrekt. Argumentasjonen går då på at Herodes Antipas ikkje ville ha feira bursdagen sin i Makerus fordi det var ein festning og fordi staden låg i utkanten av landområdet hans, langt frå Galilea. Alternativet som blir framheva er at dette heller må ha skjedd i palasset i Tiberias, hovudstaden han hadde bygd opp ved Gennesaretsjøen. Men borga Makerus var nok mykje meir enn ei festning, – det var også eit palass der i borga. Og borga var nærare Jerusalem enn resten av Herodes Antipas sitt rike. Så det er slett ikkje utenkjeleg at fyrsten var på Makerus då han inviterte gjestar til denne feiringa. Ei feiring som enda opp med halshogging og eit makabert opptrinn: Johannes sitt hovud på eit fat.

Jesus tenkte kanskje blant anna på døyparen Johannes då han seinare underviste slik:

Sæle dei som er fattige i si ånd,
himmelriket er deira.

Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.

Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.

Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.

Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.

Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.

Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.

Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.

Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen! Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
(Matt 5,3-12)

2 svar til Døyparen Johannes sin martyrdød

  1. Kjære Arne

    Dette var veldig nyttig for meg. Jeg er relativt god på det som foregikk på vestsiden av dødehavet, men en blank tavle på hva som foregikk på østsiden. Jeg hadde behov for å vite noe mer om Makerus, og din bloggpost var utrolig nyttig.

    Fin blogg!

    Alt godt,

    Årstein Justnes

  2. Arne seier:

    Flott at du kunne nytta dette stoffet om Makerus. Må elles innrømma at også eg er meir eller mindre blank på det som foregjekk på austsida av Dødehavet. Lukke til med Qumran-forskinga di!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: