Sommarkonfirmantar på leir

20060813_konfleir_og_hia084_1 Før eg reiste på konfirmantleir til Hove leirsenter på Tromøya, skreiv eg at eg skulle "på leir med sommarkonfirmantane i Bryne kyrkje + ein god gjeng unge og vaksne ledarar". Nå når eg har kome heim, vil eg justera litt på dette. Det er rettare å seia at eg har vore på leir med ein god gjeng konfirmantar og ledarar!

Koss skal eg beskriva leiren? Her er nokre stikkord: bading, barn, beachvolley, busstur, bøn, bål, dansegruppe, drama, film, forbøn, fotball, frukt, gitar, grilling, grupper, gudsteneste, kaffi, konfirmantbibelen, kortspel, kreativt bibelarbeid, latter, måltid, natterangling, nattverd, samtale, smil, snop, song, spørsmål, stillhet, søvn, te, trusvandring, undervisning, vekking og vennskap.

20060813_konfleir_og_hia004 Midt i dette konglomeratet av opplevingar har trua på Gud stått i sentrum. Første dagen laga me armband av grøn, rød og blå tråd som minna oss om at Han har openberra seg for oss på tre måtar. Og gjennom leiren fekk me erfara Guds nærvere både som Skapar, Frelsar og Kraftkjelde.

Når eg er ledar på leir, veit eg sjølvsagt ikkje alt som foregår. Men eg trur eg har ein realistisk kontakt med virkeligheten når eg seier at me hadde eit godt fellesskap og at me har opplevd mykje fint og viktig saman desse dagane. Og dessutan: Hove var ein god stad å vera!

Til slutt eit spørsmål som bare dei som var på leiren forstår: Where have all the flowers gone?

Advertisements

2 Responses to Sommarkonfirmantar på leir

  1. Torstein seier:

    Ja, kor æ alle blomstene blitt av? Er det de unge jentene som har plukka de?

  2. Hege seier:

    Korti ska di nogen gong læra??

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: