Tilsyn på Taumevatn

6a00d8341cb87053ef00e54f60252f8833-640wi

Oppdatering 2016: Dette notatet handlar om ei veke sommaren 2006 då eg var hyttevert på Taumevatn. Nå i 2016 har eg gjort dette på ny, og her er eit notat frå årets tur.

Eg visste det sjølvsagt frå før, men eg har tenkt ein del over det dei siste dagane: Det finst utruleg mange gilde folk! Poenget er vel at når me kjem tett innpå kvarandre på ei hytte til fjells, er det lett å koma i kontakt med nye menneske. Me kan vera svært forskellige, men me har ein felles interesse og eit felles utgangspunkt for samtale; me likar å vera i fjellet.

Den siste ferieveka i sommar (2006) har Inger og eg vore tilsyn på Taumevatn, ei av hyttene til Stavanger Turistforening. Hytta ligg 790 moh i Sirdalsheiane. Det har vore fine dagar med god tid til dagsturar, lesing, bading, bærplukking og sosialt liv på hytta.

Dugnadsoppgåva som hyttevakt går først og fremst ut på å vera foreninga si “forlenga arm”. Hytta på Taumevatn er sjølvbetjent, dvs at folk sjølv har ansvar for å laga maten sin, vaska opp og halda hytta rein. Men når det er mykje folk i fjellet, og det også er mogleg å reservera rom og liggja i ro på hytta i fleire dagar, kan det vera greitt at nokon har ansvar for at drifta fungerer.

Dei som kjem til ei slik hytte, kjem som oftast i grupper på 2-5 personar. Det kan vera eit par eller ein familie med barn og ungdomar, eller det kan vera to eller fleire venner som går i fjellet saman. Men det er også ein del som går aleine på tur. På ei turistforeningshytte er det rom for alle. Ingen blir avvist. Men ein må læra seg å ta omsyn til kvarandre når ein bur så tett innpå nye folk kvar dag. Dette gjer at det har utvikla seg ein eigen “kultur” for livet på hyttene. Dei som er nye i fjellet, lærar seg dette fort. Det er utruleg kor flott det fungerer til vanleg.

Det var fleire kjente som hadde sagt at dei kanskje kom ein tur opp til oss på Taumevatn denne veka, og Thorvald, ein god ven frå Bryne, gjorde alvor av trusselen. Det sette me stor pris på!

Sjølv om eg har vore i desse heiane fleire gonger før, må eg seia at det gjorde noko med meg å vera i ro på hytta ved Taumevatn over fleire dagar. Eg fekk stor sans for kvalitetane både ved hytta og ved området der den ligg.

Èitt svar til Tilsyn på Taumevatn

  1. What a nice picture you have there!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: