Trefarga kristenliv

Trinitarisk_kompass Eg har i dag kome heim frå kurset Kraften fra en treenig tro. Kurset var ein presentasjon av eit "åndeleg kompass" som tar utgangspunkt i trua på den treeine Gud (skaparen, frelsaren og livgjevaren). Tankegangen er utvikla innanfor Naturlig Menighetsutvikling (NMU), eit internasjonalt nettverk som byggjer på den tyske kyrkjeforskaren Christian A. Schwarz sitt arbeid.

Eg syns dette er eit interessant verktøy i det kyrkjelege arbeidet. Tankegangen i grunnboka Color Your World with Natural Church Development opnar opp for mange spennande perspektiv og eg vil utan tvil ha dette stoffet med meg i prestetenesta i tida framover. Du kan få med deg seks små miniseminar om NMU her.

NMU skreiv i nyhetsbrevet sitt tidlegare i år: "Etterhvert forstår flere og flere at Naturlig menighetsutvikling dypest sett handler om å hjelpe fram en trefarget og trinitarisk menighet. Den er helt og fullt en Kristussentrert menighet, som legger vekt på sannhetene om Jesus og inviterer mennesker til et personlig fellesskap med ham i den røde sektor. Men den lever også i kraften av Den hellige ånd. Den ikke bare lærer, men lever i, og erfarer, Åndens virksomhet i troens blå sektor. Naturlig menighetsutvikling er basert på prinsipper som Gud har åpenbart i det skaperverket som vi lever i sammen med ikke-troende. Å åpne troens grønne sektor omfatter innsats for å verne miljøet, sosial rettferdighet, menneskerettigheter og fredsarbeid."

Å delta på kurs i NMU er å vera med i ei gjennomført økumenisk samanheng. Eg kan tenkja meg at ca 10 av 60 deltakarar kom frå kyrkjelydar i Den norske kyrkja. Elles var der adventistar, baptistar, pinsevenner, metodistar og folk frå Frelsesarmeen, Den evangelisk-lutherske frikyrkja og fleire andre kyrkjesamfunn. Av organisasjonane innan Den norske kyrkja var Indremisjonsforbundet representert. Ei svært interessant blanding! Og i denne samanhengen opplever me at me har eit felles verktøy og eitt mål: å utvikla sunne kristne fellesskap som er i vekst.

Det at kurset var lagt til Soltun Folkehøgskole i Troms var ikkje noko minus! Bonusen var at me fekk med oss flott nordnorsk natur og eit lite glimt av midnattssola! Dessutan er det ei interessant erfaring å sjå på nært hald at eit arbeid som dette kan leiast frå ein liten stad utanfor det som ofte blir kalla "sentrale strok" av landet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: