Kristi Himmelfartsdag

Kristi Himmelfartsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag.

Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag, og for svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til å ha ei ekstra lang helg på ei fin tid av året. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønskjer likevel å peika på Himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig å halda fast på når me lever i ein kristen samanheng.

Lukas fortel om Jesus og disiplane: “Så førte han dei ut av byen (Jerusalem) mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede.” (Luk 24,50-52)

Men kva kan det bety at han blei tatt opp til himmelen?

Først litt om kva det ikkje betyr: Eg trur ikkje dette har med at han forsvann ut i himmelrommet, bak skyene. Det er ikkje snakk om noko som kunne likna på ei romferd. For eg trur ikkje at himmelen i kristen språkbruk er det same som universet, slik at me skulle kunna lokalisera Gud ein eller annan stad i universet.

Ordet himmel betyr to ting. På engelsk har me forskjellen mellom sky og heaven. På norsk brukar me det same ordet i begge tydingane. Eg trur himmelen (heaven) er ei usynleg verd som er like verkeleg som den synlege verda. I den hendinga som me kallar Jesu himmelferd tok han det endelege steget tilbake frå den synlege verda til den usynlege verda, som me også kallar Guds rike.

Det var frå denne usynlege verda han kom då han blei født som eit lite barn i Betlehem. Og det var tilbake til denne verda han gjekk då han forlét disiplane på Kristi Himmelfartsdag. Vegen mellom himmel og jord er opna av Jesus. Han har gått den vegen i begge retningar. I jula seier me at himmel og jord møtest i barnet Jesus i Betlehem. På same måte fekk disiplane eit glimt av dette møtet, då Jesus blei tatt bort for auga deira.

I tida mellom Jesu oppstode på påskedagen og hans himmelferd gjekk han på ein måte ut og inn av den usynlege verda. Han viste seg fleire gonger for disiplane og for andre som trudde på han, men han var ikkje lenger saman med dei slik han hadde vore før korsfestinga (Matt 28, Mark 16, Luk 24, Joh 20-21 og 1. kor 15,3-7).

Apostelgjerningane fortel meir om det disiplane opplevde:

“Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til. (…) Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?» Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av verda.» Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirde opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.» Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget …” (Apg 1,3-12)

Skya er fleire stadar i Bibelen eit symbol på Guds spesielle nærvere. Og poenget med Jesu himmelferd er ikkje at han forsvinn bak skyene, men at han i og med skyen blir tatt opp i den himmelske, usynlege verda.

Kva kan så dette seia oss som trur på Jesus i dag? Eg tar med nokre korte punkt:

  • Jesus gir på himmelfartsdagen disiplane eit oppdrag om å vitna om han, først i Jerusalem og landet omkring, og så vidare til alle folkeslag. Dette er utgangspunkt for den kristne misjonen.
  • Jesus gir på himmelfartsdagen eit løfte om at den som trur på han, skal bli utrusta med kraft frå Guds Ånd.
  • Jesus inntar på himmelfartsdagen den plassen me treng han mest, den mektige plassen ved Guds side (“ved Guds høgre hand”). Der ber han for oss. Frå denne staden skal han ein dag koma synleg tilbake.
  • Det at Jesus nå er Herre i det usynlege Guds rike (= himmelen), gjer også at han kan oppfylla løftet om å vera med oss “alle dagar så lenge verda står” (Matt 28,20). Han er nå ikkje bunden av tid og rom, og kan derfor vera nær menneske alle stadar i verda samtidig.

Denne hendinga er ein så sentral del av det nytestamentlege vitnesbyrdet om Jesus at den er tatt med i den apostoliske truvedkjenninga:

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

3 svar til Kristi Himmelfartsdag

  1. Bjarne Saltveit seier:

    Hei!
    Når det gjelder Kristi Himmelfartsdag har jeg en kommentar til at Lukas 24 er teksten for dagen. Slik jeg leser denne teksten, beskriver den hvordan Jesus blir skilt fra displene etter å ha vist seg for dem på oppstandelsesdagen. Fortellingen har likhetstrekk med hvordan det skjer 40 dager seinere (Ap.gj. 1), men der er også tydelige forskjeller. Englene og skyen er ikke med i Lukas 24. Jesus blir heller ikke løftet opp, men skilt fra dem. Jesu undervisning av disiplene i Lukas 24 har samme strukturen som for Emmausvandrerne. Slik jeg leser, er Lukas 24 en fortsettelse og fullføring av fortellingen om Emmausvandrerne. Jeg valgte derfor i min preken i dag å vise til at vi faktisk har å gjøre med en påskedagstekst på Kristi himmelfartsdag! Fortellingen i Lukas 24 har et viktig poeng. Det er avgjørende med overbevisningen om at Jesus er stått opp og lever, for å kunne være vitner. Noe som denne fortellingen legger stor vekt på. Dette gjør den egnet å bruke også på en Kristi himmelfartsdag.
    Jeg antar at vi her står overfor en tidlig kirkelig tradisjon, som har ledet til at denne forståelsen og bruken av Lukas 24. Men det må vi jo kunne stille spørsmål til!
    Hilsen Bjarne Saltveit

  2. Caroline V. seier:

    Jeg tror også Guds rike’s himmel er like virkelig som denne verden vi lever i her.
    Jeg tror vi kommer til å bli veldig overrasket når vi kommer hjem, over virkeligheten vi møter der hjemme.
    Jeg har fått nedlagt i hjertet en stor og mektig lengsel etter himmelen, Guds rike.

  3. Arne seier:

    Caroline: Flott med dine positive tankar! Det gjeld å ha ein god balanse mellom det å leva det kristne livet her og nå, og det å sjå fram mot det fullkomne Guds Rike.

    Bjarne: Kanskje har du rett når det gjeld Luk 24? Eg veit ikkje, men her er ein umiddelbar respons på koss eg har tenkt omkring desse tekstane:

    Eg tar utgangspunkt i at det er same forfattaren som har skrive “tobindsverket” Lukasevangeliet (del 1) og Apostelgjerningane (del 2). Eg er einig i at Luk 24,44-49 er formulert som ei avslutning av forteljinga om oppstoda. Eg trur derimot v 50-53 er lausare tilknytt påsketeksten og at dette heller er ein kortversjon av forteljinga om himmelfarten, som Lukas så fortel på ein grundigare måte i Apg 1,1 ff. Her støttar eg meg til Apg 1,2 som omtaler evangeliet som ei forteljing som fører heilt fram til himmelfarten.

    Når det gjeld bruken av Luk 24 som preiketekst på Kristi Himmelfartsdag, er eg einig i at det er naturleg å tala om meir enn sjølve himmelfarten. Forslaget til nye tekstrekker foreslår følgjande evangelietekstar: Mark 16,19-20; Luk 24,46-53 og Joh 17,1-8. Den siste er jo heilt lausriven frå himmelfarten, men er likevel ein sterk tekst om Jesu herlegdom.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: