Klimaet på Jesu tid

Før påske (2006) meldte NTB, og dermed fleire norske aviser, at Doron Nof, ein amerikansk professor i oseanografi, meinte at Jesus gjekk på isen på Gennesaretsjøen, ikkje på vatnet (Mark 6,45-52 med parallelltekstar). Midt i påskeførebuinga mi fekk eg ikkje gjort anna enn å klippa ut artikkelen som stod i Vårt Land, med tanke på at dette var godt og underhaldande stoff til eit eller anna seinare høve.

Men i staden for å harselera over meir eller mindre umoglege rasjonalistiske bortforklaringar av bibelske tekstar, har artikkelen skapt eit spørsmål i meg: Kva veit eg eigentleg om klimaet i Palestina på Jesu tid? Eg har bladd litt i bøker i bokhylla mi, og finn svært lite stoff om dette. Dei bøkene som uttaler seg om klimaet i Det heilage landet, skildrar det som om det skulle vera dagens situasjon dei er ute etter. Og Daniel-Rops slår faktisk også fast (utan forutgåande drøfting): “Landskapet har altså ikke endret seg særlig i de siste tyve århundrene, og klimaet enda mindre.” (Daglig liv i Palestina på Jesu tid, Gyldendal Norsk Forlag 1969, s 19).

Doron Nofs utgangspunkt er at han “bygger sin teori på gammel statistikk over vær og vannforhold i regionen. På bakgrunn av dette mener Nof å kunne fastslå at det var betydelig kaldere i området for mellom 1.500 og 2.000 år siden, med andre ord da Jesus skal ha (!) levd der. Så kaldt tror professoren at det var, at det la seg is på vestsiden av Genesaretsjøen der Jesus angivelig var ute og gikk, skriver NTB.”

Vårt Land spør så NT-professor Karl Olav Sandnes, for øvrig ein av lærarane mine frå studietida på MF, koss han vil kommentera dette med is på Gennesaretsjøen. “Sandnes vet ikke om noe sted hvor is er nevnt i Bibelen. – Jeg har heller ikke vært borti andre antikke kilder som sier noe om det. Jeg vil ikke benekte at det har vært kaldt nok til at det har lagt seg noe is på vannet, men ikke så mye at det hadde vært mulig å gå på, sier han.”

Den som vil undersøkja bakgrunnen for Doron Nofs teoriar, kan finna eit samandrag av artikkelen hans her.

Er det nokon som har noko interessant stoff om klimaet i Palestina på Jesu tid?

Oppdatering: Les vidare her.

2 svar til Klimaet på Jesu tid

  1. Jeg husker en fyr fra krønikebøkene, en som skilte seg ut i de endeløse navnelistene ved den artige kommentaren som sto ved hans navn:

    “En dag det hadde snødd, gikk han ned i en brønn og drepte en løve.”

    Så de kjente nok til snø, en utrolig skjelden gang. Men ikke islagt genesaretsjø, ikke tale om. Det burde være lett å få sjekket ved hjelp av f.eks treringer.

  2. Arne seier:

    Dette med treringer hadde det vore fint å fått ei forklaring på!

    Mannen du har lese om (og imponerande nok lagt merke til), heitte Benaja Jojadason. Den kortfatta skildringa av turen ned i brønnen er gjengjeven to stadar: 1. Krøn 11,22 og 2. Sam 23,20. Snø var forresten neppe så veldig sjeldan, det er i alle høve nemnt snø ein del stadar i GT.

    For å trekkja samanlikninga med klimaet i dag, er det dei fleste vintrane nokre dagar med snø i Jerusalem (men neppe ved Gennesaretsjøen). Det snødekte Hermonfjellet (2814 m.o.h.) er elles synleg frå dei nordre delane av Israel.

    Når det gjeld is i Bibelen, har eg sjekka i boka Ord i Bibelen. Jobs bok omtalar is fleire gonger (Job 6,16; 37,10; 38,29 og 38,30), så is var ikkje eit ukjent fenomen. Men Doron Nofs teori om Jesu vandring på isen verkar likevel like lite tillitsvekkjande!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: