St. Georgsdagen

Den internasjonale speidardagen skal også få sin omtale her på bloggen. Eg begynte som speidar i 25. Stavanger KFUM då eg var åtte år gamal. Frå då av var eg meir eller mindre aktiv speidar i ca 30 år, og har vore med på markering av mange St. Georgsdagar. Den gamle legenda om St. Georg og draken la me ikkje så stor vekt på, men den var der som bakgrunn for dagen.

Slik blir dagen forklart: St. Georgsdagen er 23. april. På denne dagen fornyer speiderne sitt speiderløfte. Dagen feires til minne om helgenridderen St. Georg. Et gammelt sagn forteller at han kjempet mot en ildsprutende drage for å redde livet til en vakker prinsesse. Dette er symbolet på St. Georgs kamp mot det som er dårlig og ondt (dragen), og for det som er godt, edelt og sant (prinsessen).

Nå ser eg at dagen i år (2006) blir markert felles av Norges KFUK-KFUM speidere og Norges Speiderforbund, og at organisasjonane presenterer ein St. Georgsdags-bodskap om å bry seg om medmenneske og om å vera ein god venn. Det er bra!

Men sjølv om årets bodskap til speidarane handlar om noko viktigare og meir aktuelt enn gamle helgensagn, så la oss ikkje heilt gløyma St. Georg. Den som er interessert, kan finna ein meir omfattande helgenbiografi på Den katolske kyrkja sine nettsider. Her les eg blant anna at St. Georg ikkje bare er viktig for den internasjonale speidarrørsla. Han blir nemleg presentert slik:

“Englands og Georgias nasjonalhelgen, skytshelgen for Venezia, Genova, Portugal, Hellas, Russland og Katalonia; for soldater, riddere, bueskyttere, våpensmeder, bønder, slaktere, salmakere, bøttkere, bergverksarbeidere, kunstnere, vandringsmenn, sykehus og fanger, guttespeidere og speiderbevegelsen, for Georgsridderordener; for hester og kveg; mot pest, spedalskhet, feber, hudsykdommer og syfilis; i alle slags kamper, mot krigsfare, mot fristelser, for været. En av de fjorten nødhjelperne.”

Slett ikkje dårleg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: